torsdag 10. februar 2011

Så klart det er kjekt...

Elevane på Sand ungdomsskule kosar seg i skulekvardagen trass i lang reisetid. Dette kan me lesa i siste utgåve av  suldalsposten. Dette var sikkert ein stor kamel i halsen til foreldra. Foreldra som sette himmel og jord i bevegelse for å hindra ungdommane i å koma saman på ein sentralungdomskule.

Eg må sei eg er ikkje bitten øvejidde på at dei trivs. Nå skal eg fortelja dykk om ein anna tid og andre ungdommar:

Eg byrja på undgomsskulen i 1972  Då hadde omorganiseringa frå framhaldsskule til ungdomsskule kome til Suldal kommune. Det vart bestemt at Sand skulle ha sentralungdomsskule sidan  der ville bli plass etter at realskulen skulle slutte av. Dei som gjekk realskulen skulle få gå ferdig, eller starte om att i 8. klasse i det nye systemet med ungdomskule.

Me var 17 elevar i 7. klasse. Det var rundt 80 elevar i 8. klasse, så gjekk det to, eller tre klassar på realskulen. I tillegg var det ca 80 elevar på folkehøgslulem og  sikkert like mange på yrkesskulen.

Det krelte av undommar alle stadar. Det var kjempekjekt med så mange unge. I ungdomstida veks mange frå kvarandre og det var ikkje alltid like lett for alle å få seg nye venner. Men no var det venner til alle. Det var luksus.

Me i 7. klasse gleda oss til me skulle starte i 8. klasse og lurte på kven som skulle gå i vår klasse.  Me skildes i juni med desse glade tankane om neste skuleår. For første gong sidan me starta skulen gledde me oss til nytt skuleår.

Men, kor lenge var Adam i paradiset?
Då me starta i august var me den same trøtte klassen som alltid.  Inkvan hadde talast den sommaren! Foreldra til dei som hadde reiseveg hadde gått hardt på politikarane og fekk gjennomslag for synet sitt. Det var enden på det eventyret.

Sidan har saka dukka opp med jamne mellomrom. Kvar gong har eg og venninna mi, Guro, ergra oss like mykje og diskutert dette.  Det var spanande med så mange kjekke gutar å sjå på. Det er til stor hjelp mot fråvær. Kven vil skulke skulen når det er så mykje kjekt som skjer i firminutta? Kvifor spør ikkje politikarane dei som var unge den gongen, korleis dei opplevde dette, undrast me. Tilslutt gjorde dei det og svaret var som me venta: Ingen tenkte på at det var så langt å reise, og alle hadde hatt ei kjekk ungdomstid.

Heldigvis blei det sparekniven som gjorde utslaget. Eg er oftast ikkje enig med rådmannen, men her har ho gjort noko godt for ungdommane. Artikkelen lordag viser at dette var ei rett avgjerd. Ungdommar treng andre ungdommar meir enn foreldra sine. Og foreldra sine tankar og meiningar er ikkje alltid til barnas beste.

 Ungdomsskuleelevar anno 1974

Råtøffe ungdomar 1972

Ungdomsskuleelevar anno 2011

Dagen kviss: Nokre elevar kom i båt. Kor kom dei frå og kva reiste dei med?

5 kommentarer:

  1. Elevane reiste med den litle, grå stasbeisen Hylsfjord saman med sauer, melkespann og diverse og kom frå Fattnes, Løland og Vanvik.

    Det var jo elevar som kom frå "andre sida" også som kom med ferja, men det er kanskje ikkje det du er ute etter?

    SvarSlett
  2. Eg må innrømme at eg har vore imot denne ungdomsskule samanslåinga!!

    Og det er pga vegen! Skal ungane fraktast fram og attende MÅ skulevegen gjerast tryggare med tanke på ras både av snø og stein osv..

    Men eg sa og at for ungdomane sin del vert det nok kjekkare med eit større miljø, og at ein vart samensveisa før ein tok nye val når vid. skule stod for tur...

    Så i denne saka, er eg for at ungdomane får større miljø og nye vener, men eg er imot at ungane fraktast på ein utrygg veg!

    SvarSlett
  3. Eg var ute etter gamle Hylsfjord, ja. Heilt rett, Suldalsrypa!

    Enige, Anne, samanslåing, ja, men vegen, nei! Di sko hatt ein Hylsfjord som kunne frakta di trygt fram og tilbake

    SvarSlett
  4. Tippar Sand Bowling! For opplagt? Kanskje det finst eit meir kryptisk namn?

    SvarSlett
  5. Bowling Sand! var det meir kryptiske?

    SvarSlett