søndag 6. februar 2011

Starbucks på Sand

For ei veke sidan skreiv eg om Starbucks cafe. Den fortreffelige kafeen der ein får rause kaffikoppar og gode stolar å kvile seg i når avkommet er på handel.

Det går ikkje ei veke ein gong, så tikkar det inn melding frå Rimi at nå går det an å hente Starbucks kaffi på Rimi og gå heim og få Starbucksstemningen i heimen.

Det er ikkje til å tru!
Eg måtte jo studere dette for å finne ut om Rimisjefen haldt meg for narr.  Eg  stimte rett bort til kjøla og fann ein tom Starbucksøskje.  Så for eg heilt inn på kontoret for å sjekke opp kva dette var.  

Starbucks kaffi finns verkeleg på Rimi. Den finns i to variantar også. iskaffi, trur eg, den var utseld og mocca latte shocolate som eg fekk tak i.

Så var det rett heim og sette seg i godstolen, opne  boksen og drikke.  Det føltes godt, for det blir i lange løp mykje billigare å sitte heime og drikke Starbucks, enn å sitte på Starbucks og har brennheite kredittkort.

Denne kaffien kan kjøpast av alle, for det er eit fairtrademerka produkt!




Stabucks mocha latte chocolate flavour. Nyt ein smak av Starbucks i heimen

2 kommentarer:

  1. the librarian bitch6. februar 2011 kl. 12:42

    Trur eg framleis skal halda meg til Tine-boksane når eg skal ha opp blodsukkeret. Prøva å støtta det så tilsynelatande er norsk - fairtrade or not.
    Så over til noe helt annet - kyndelsmesse! Gjekk tur med vofs i går kveld og stakk nasen inn i glaset til butikken til Ove. Der sto det ein Kyndelsmesse-lysestake prikklike den du hadde på bilete.

    SvarSlett
  2. Ja, di har det på Sand brukt og nytt. Det er vel ein jødisk lysestake då.

    JA, viktig å støtte Tine, enige i det.

    SvarSlett