fredag 25. februar 2011

Tilgjengelig i teorien

I Suldal har me høyrdt om universell utforming. For eit par år sidan sette Suldalsposten ordføraren i ein rullestol for å sjekka tilgjengeligheita i kommunen. Den var så som så, men ordføraraen såg ikkje så mørkt på det, for, som det vart konkludert, har de fleste hjelparar med seg til å opne dører og slikt.  Etter den tid har lova om universell utforming sett dagen lys. Men har lyset gått opp for kommunen?

Sidan 2008 har eg vore i kontakt med kommunen, og rådet for funksjonshemma om tilgjengeligheit. Mellom anna om heisen i Suldalshallen. Den er låst på kveldstid. Vaktene skal låse opp på førespørsel. Det er berre det at ingen veit korleis dei skal gjere det. Det er ei nokså komplisert affære. Først må brukaren gå inn i vaktbua og be om opplåsing. Så skal vakta finne rett nøkkel mellom alle nøklane som heng i skapet. Ofte er ikkje nøkkelen der. Var nøkklelen på plass måtte dei låse seg inn i  maskinrommet og deretter inn i skapet der heisen kunne låsast opp. Det er eit skummelt skap med masse knappar, brytarar og lys. Dei fleste vaktene felte seg av. Når me var komne så langt var halve treningstida over, og ein kunne like gjerne gå heim.

Eg blei lov at dette skulle endras. Og det vart endra,.. til det til det verre. Heisen har vore i utstand i ganske lang tid. Nå er me snart tre månadar ut i 2011 og me har ikkje kome eit steg lenger enn i 2008

Parkering er også eit tema. Det er få parkeringsplassar for bevegelseshemma. Men som politikarane har uttalt i media, så har me ikkje vondt av å gå. Difor trengs det ikkje parkeringsplassar i gata. Me har ikkje vondt av å bære varene opp i parkeringsplassen. Dei som skal kjøpe seg leilighet i sentrumsbygget kunne få parkeringsplass oppe ved kyrkja.

Då er det med undring eg ser at når politikarar stiller på møter går dei ikkje mange stega. Til dømes på høyringsmøtet om transportplan for Ryfylke som blei arrangert på kulturhuset. Der kom dei same politikarane og parkerte klin opp i dørene på bygget. Ein plass dei sjølve har sagt at ikkje er parkeringsplass.

Då kulturhuset blei bygd vart det sagt at me kan gå rundt bygget og ta vegen ned til parkeringsplassen. Der er også den einaste parkeringsplassen for bevegelseshemma. Då er det nokon som ikkje har skjøna kva det vil sei å vere bevegelseshemma.

"Gjer som eg seier, ikkje som eg gjer!"  Kjære politikarar, tenk på symboleffekten!


Telenorbygget på Fornebu er truleg landets største universelt utforma bygg. Alle de 10.000 romma er tilgjengelige for personar med bevegelseshindringar.




Ein sann vits: veit de kor mange folk som må til for å ta heisen i Suldalspostbygget?  Tre stykk! Ein bevegelseshemma  og to som skrur i maskinrommet ;)

Her kan de lesa litt om universell utforming:
www.be.no/universell/uu/index.html

Dagens kviss: Kven er leiar i rådet for funksjonshemma i Suldal?

4 kommentarer:

  1. Er det framleis Eva Songe Paulsen?

    Her er det nokre i Suldalsom må skjerpe seg! Litt orden i sysakene må ein kunne vente. Historia med nøkkelen må det kunne finnast ei enkel løysing på! Universell utforming bør vere sjølvsagt. Så lenge ein må snakke om integrering, har ein ikkje integrert.

    SvarSlett
  2. Kjempebra innlegg Liv, send d te Suldals"lefså"

    Sein i dag eg, og ser Suldalsrypa allerede har svart på kvissen..

    Er kje bare tilgjengelighet , sjekk dette:

    http://www.nfunorge.no/rogaland/view.cgi?&link_id=0.37881&session_id=0

    SvarSlett
  3. Det er eg som er leiar i rådet for funksjonshemma ja (nytt råd blir vald til hausten). Det er mykje å ta fatt i, og me har jobba mykje med universell utforming, men det er ein fryktelig seig materie å få noko til å skje. Bare ta det med venterom på kaien på Sand t.d. som me også har jobba med i fleire år. Rådet har ikkje mynde til anna enn påverknad, og me må jo heile tida spille på andre. Me prøver å gjere så godt me kan, fremme saker og purre når det er nødvendig, få tiltak inn i kommunale planar. Me er glade for alle innspill (takk til Liv for mange gode innspill).

    Eg har forøvrig for ikkje lenge sidan igjen tatt opp det med heisen i Suldalshallen med kulturkontoret, og forventar at det no skjer noko! Elles blei eg også fortald at det også skal vere heis i samband med sandhallen. Andre plassar det manglar heis er bl.a. lensmannskontoret, suldalsposten/aftenbladet og næringsbygget (Garaneset). Det har me og påpeika overfor eigar av bygga, men det skjer ikkje noko der heller.

    Elles vil eg minna om at det går an å klage over slike ting til likestillings- og diskrimineringsombodet. Her er sida du kan gå til: http://www.ldo.no/no/Dine-rettigheter/Slik-klager-du/

    Helsing frå Eva Songe Paulsen

    SvarSlett
  4. Suldalsrypa, du ser du har rett, leiarer bekrefta det ;). Gratulerer!

    Fint, Anne at du lenka til kommunesida.

    Takk Eva for du tok deg tid til å svare. Ja., det er ei seig materie. Problemet med bygga du nemner,er vel at alle har same eigar.
    Det er som Suldalsrypa seier: "snakkar me om integrering, har me ikkje integrering"

    SvarSlett