Ungane i heimen går på 4 H. Det er ein flott organisajon der ungdom styrer og steller sjølv. Det er vaksne klubbrettleiarar tilstades, men ungane sit sjølv i styret. Dei har mykje gildt saman i klubben, i lag med andre 4 H klubbar, og på kurs og leirar. Dei vel oppgåver å fordjupa seg i. Desse oppgåvene viser dei fram på haustfesten sin. Klubben i bygda heiter Bygdevon.
I heimen er det fotografering og baking som er tema. Liva og venninne Ida har prosjekt saman og temaet er "selskapskaker". Me har ete masse fint bakverk og meir blir det nok gjennom året. Dei har hatt ordrer også. Kaker er levert til Suldal sogelag sitt årsmøte, onkel Magnus sin 60 års dag, og fleire ordrer har dei framover.
Her er det onkel Gert som får blomsterbukett av Liva. Denne har ho laga åleine. Vaniljemuffins med smørkremtopping. Muffinsane var perfekte. Sjølve komposisjonen kan forbetrast. Det er prøvd igjen. Då med isoporskjelett. Då sat muffinsane betre.
Det er mykje styr og rot i utprøvinga, men heldigvis inngår det i prosjektet at dei skal rydde kjøkkenet etter seg. Me,familiane, kan sjå fram til eit kaloririkt år!
Lenge leve kreativiteten!
Konditor in spe
Trinn to er ferdig
Slik vart resultatet
Her kan de lesa om 4H:
Liva er jammen flinke!
SvarSlettKanskje hu kan bake noe til oss her i Oslo? Vet at Arve ikke vil ha noe imot det ;-)
Ja, det vil hu sikkert! :)
SvarSlettEr imponert - igjen!
SvarSlett