Eg går på bunadkurs. Me saumar eldgamle drakter. På kurset ser me på bilder av gamle modellar, diskuterer teknikkar som er brukt, og kosar oss. Sist kursdag hadde ei av deltakarane med seg ei gammal konehua ho hadde lånt. Denne hua er i privat eige, men er registrert av bunadsnemnda. Hua blir kalla Brommelandshua etter staden ho kjem frå.
Så, til 17. mai, eller neste vår, går me damene stolte rundt i dei nye draktene våre med svarte Brommelandshuer på hovudet
Her er hua
Bildet blei litt lyst, men me ser det er gilde fargar.
Hua er skøytt framme, så me kan rekne med at det skulle vere pannelin over.
Inni ser me korleis den er sydd saman med prikkesting.
Somme seier kysa.
SvarSlettJa, kyse og konehua. Sikkert fleire navn og. Men det var kun dei gifte som kunne bruke dei. Så nåtildags er det vel få som kan gå med dei....
SvarSlett