torsdag 3. februar 2011

Har du 99 sauer, får du ein til i pensjon..

Stortingets spørjetime kan vere interessant å følge med på. Til tider kan det vere skadeleg for helsa, då blodtrykket kan bli vel høgt.
I går var det mellom anna arbeidsminister Bjurstrøm som måtte svare for seg. Ho tykte ho var i ein "god stim" når det galt arbeidet. Dette uparlamentariske ordet måtte forklarast for dei yngste politikarane, så blei det ein gjenganger i alle innlegg.

Konklusjonen på NAV reforma blei av ein politikar omtala som " Doffen har daua". Dette er nåtidas omgrep på "Keisarens nye klær"  Det er vel det beste ein kan sei om denne reforma som truleg baserer seg på likhetsprinsippet; nokon er likare enn andre..

For å bekjempe fattigdom blant barn blei det kun terpa på at foreldra må ut i arbeid. Dei ville ikkje satse på støtte som kunne hindre stigmatisering av desse barn og unge, slik som kulturkort og betaling av kontingent til aktivitetar.
Ein politikar meinte dette måtte vere fravær av "stim" når mange fattige ungar har foreldre med rus som treng behandlingsplassar, så legg regjeringa ned slike plassar.

Den nye pensjonsregelen om avkorting er nok den beste regjeringa har fått gjennom.   Arbeidarpartiet som  i alle år  har vore forkjempar for likhet har prestert å lage den største ulikheita i verda:
Gifte og sambuarar i låglønnsyrker får full avkorting i pensjonen, mens gifte og sambuarar med høg inntekt får behalde sin fulle pensjon.  Heia Norge!!

Svaret arbeidsministeren gir er at det er billigare med to i husholdninga enn ein. Ergo er det billigare for lågtlønna å vere to i hushaldninga, men for høgtlønna er det ikkje same innsparinga.
Kanskje dei må  gå over til ein billigare kaviarvariant.  "Eg bere Spyr.. som han sa, mannen ";)
imagesCAWZ3685

Dagens kviss: Kva har arbeidsminister Bjurstrøm markert seg som?

3 kommentarer:

  1. the librarian bitch3. februar 2011 kl. 10:35

    Å vera langtidssjukemeldt
    Fakerten meg det beste innlegget du har hatt så langt. Skulle vore i Sposten detta. Bestemor mi var ein tru AP tilhengar heile sitt liv. Ho var eit engasjert menneske med stor tru på at så lenge Gerhardsen styrte landet så ville det gå oss godt og me fekk leva lenge i landet. Eg trur ho berre må vera glad for at ho slepp å oppleva dagens AP-politikarar. Ho fekk forresten kulturprisen i Sauda for sitt arbeid.
    Dei er fa.... så blå og er i ferd med og har klart å riva ned alt det som me har kjempa for. Nå er politikk berre eit spel og komma seg i maktposisjonar og bevilga seg både det eine og det andre. Ang pensjon så er det møte om pensjon på Garaneset. førstkommande tirsdag kveld. Trur eg skal gå på det. Fyttikatta nå følte eg meg gammal.

    SvarSlett
  2. Så sant, så sant, Liv ! Eit særs godt innlegg ! Eg ville stemt på deg, eg !

    Helsing Guro i Asker

    SvarSlett
  3. Takk for det!! :)
    Ja, TLB vant kvissen i dag.

    AP er ikkje det det var. Dagens APàr har gått ut av broiler-akademiet og smidd over same glatte lest.

    Eg trur ikkje du bør gå på møtet. Du kan bli så deprimert at du tar eit tau med deg frå LMT. Men ei trøst er det at sjølv om du blir lågtlønna pensjonist, så slepp du avkorting ;)

    SvarSlett