fredag 11. februar 2011

Talenter på line frå Sand

Det trillar fram talenter mellom ballar og kjegler på Sand. Sand IL har fostra mange talent og fleire blir det. Det viser at unge har mulighetar sjølv om dei ikkje bur i urbane strok. Men ein ting som er sikkert at talent kjem ikkje berre av seg sjølv. Talent, ja, men eigeninnsats er nødvendig. Klubben må ha ivrige trenarar og ikkje minst at foreldra er med. Unge som har ivrige foreldre kjem lengst.

Line Sand fekk 4.plass i junior NM. Ho spelar i 3.divisjon med laget sitt. Og laget ligg på femteplass i Rogaland Det er ei bragd for Line og for bowlingklubben på Sand som ikkje er så gammal.  Men Line nøyer seg ikkje med å vere god i bowling. Ho vil vere god i alt. Dette er ei ambisiøs lita dame som me nok får høyre meir om i åra framover.

Fredrik Deilkår er ikkje mindre enn eit fotballtalent.  Han går på fotballgymnas i Haugesund og trenar med dei store på FK Haugesund. Fredrik gjekk i klasse med datter nummer 3 og ho kan bekrefta at Fredrik er fødd med fotballen på vrista.  Nå er han rekruttspelar på FKH 2  i tredje divisjon. Denne månaden reiser han til Tyrkia med A-laget på treningsleir. Det gjer meg overbevist om at han blir ein ny George Best. Like flott er han også.



Line Sand  (foto b.e. Rød)



Fredrik Deilkås (foto s.h. Moe)

Dagens kviss:  Kva heiter bowlingklubben på Sand?

5 kommentarer:

  1. Bowling Sand! Litt hakk i hovudet i dag - la det inn på feil dag. Ja, ja... Det må vere konkurransestresset som slår ut.

    SvarSlett
  2. God morgon. Du var visst oppe uten håve i dag.Dessverre feil svar også. ;)

    SvarSlett
  3. Ryfylke Bowlingklubb ! Og dei spelar på Sand Bowling!

    SvarSlett
  4. Hm, ikkje berre hovudet, men google har også svikta meg! Ja.ja! Men positivt at bowlarane vil inkludere heile Ryfylke i desse samanslåingstider!

    SvarSlett
  5. Rett Anne.
    Ja, Suldalsrypa, du lærte noko nytt i dag. Det er jo positivt. ;)
    Og me har også lært at ein skal ikkje ta alt Google seie for god fisk.

    Skal sjå at Ryfylke bowlingklubb er forut for si tid. Det blir jo eit fint namn på kommunen vår :)

    SvarSlett