Så blei resten samla på 1200- talet. Etter det, gjekk det opp og ned og bortover for oss nordmenn.
I 1905 fekk me vårt eige rike, men me delte oss på målstreken. Knudsen og Aasen fekk oss til å krangle i 100 år.
Så kom NRK. Dei klarte det ingen før hadde klart; samla nasjonen. Folk samla seg i dei stovene det var tv. Alle sat musestille og såg på klokka som tikka, eller meir spanande, pausefiskane i akvariet.
The Forsytes
Neste dag var dette det store samtaleemnet. Me tala same språket og alle fekk likt tilbod.
Så kom kanalvala. Folk blei forvirra for dei som kun hadde NRK skjøna ikkje kva folk snakka om. Det blei forskjell på folk.
Me har vore forskjellige og hatt forskjellige referansepunkt i mange år. Men så skjedde det: NKR klarte å samla Noreg til eit land. Me reiste med Hurtigruta. Verdas lengste program.
Fem og eit halvt døger. I 135 timar gjekk denne seilasen direkte. Kvar 3 nordmann følgde programmet. NRK gjekk frå ein marknadsandel på 4 % til 36 %
Har du sett denne seilasen er du i godt lag. Omlag 3 millionar nordmenn såg den. Det visar seg også at "heile verda" har følgt hurtigruta. Til og med Bhutan, det siste landet i verda som fekk tv og internett har vist programmet på nett- tv.
I byrjinga såg dette ut til å bli eit vanleg program. Ingen hadde venta dette resultatet. Til lenger nord båten kom, til meir fest og show vart det. Det blei eit kultprogram utan like. Etter 5 dagar sa folk til kvarandre: "kva skal me nå gjere?"
I byrjinga såg dette ut til å bli eit vanleg program. Ingen hadde venta dette resultatet. Til lenger nord båten kom, til meir fest og show vart det. Det blei eit kultprogram utan like. Etter 5 dagar sa folk til kvarandre: "kva skal me nå gjere?"
Noreg var atter samla til eit land. Alle samtalar dreia seg om reisa. Me tala atter same språk og hadde same referansebakgrunn.
Heia NRK!
Heia NRK!
Alle stadar den la til var det fest. Folk gjekk mann av huse og viste kva dei hadde å by på. Me fekk sjå det meste; musikkorps, song, kor, dans og masse sprell. Til og med Elvis left the building i kvit limousine. Me fekk sjå frieri og helsingar til slekt og venner.
" Finn Willy" dukka opp tre stadar. Fann du Willy?
Hurtigruta slapp å seile åleine. Ho fekk lag overalt av båtar og kanoar.
Nyholm skandse i Bodø salutterte.
På veg inn Trollfjorden.
For de som ikkje fekk sjå denne reisa kan eg opplyse om at Hurtigruta alltid filmer. Då mor og co reiste med hurtigruta følgde eg reisa deira på hurtigruta sine sider. Her kan de sjå korleis det ser ut:
Her kan de lesa om seilasen:
http://nrk.no/kultur-og-underholdning/1.7685999