Tor G. Syvertsen, Professor i konstruksjonsmekanikk
Byråkratiet har tatt overhand, med mange tungvinte ordningar som er frustrerande. For å vise kor tungvint det kan bli, brukar han eksempelet med blyanten. Før kunne han gå i Studentsamskipnaden sin bokhandel når han trong ein blyant, og be om at den vart skriven på instituttet. Så fekk instituttet rekninga og betalte den. Enkelt og greit.
Nå må han spørje ein konsulent om å skaffe den. Då må konsulenten leite for å finne ut kva for ein av NTNU sin leverandør som fører den billigaste blyanten. Så bestiller han den, og den kjem til NTNU ved neste samlelevering om ca tre veker!
Prorektor for forskning Kari Melby
Studentane skal no gjennom studia til normert tid. Kva lærer dei når veilederane brukar tida på å søke om blyantar, lysrøyr og minnepinnar? Er koplinga budsjett og pengeflyt viktigare enn å gi studentane ein skikkeleg utdanning?
Systemet som Melby visar til er NPM. Ei organisasjonsform som driv kostnadseffektivt. Staten nektar for at dei driv AS Noreg etter dette systemet. Jens Stoltenberg uttala i 2008 at han ikkje kjende til NMP. No seier universiteta at dei må følge opp NPM, pålagd dei av kunnskapsdepartementet!!
Dagen kviss: Kva står NTNU for?
Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet.
SvarSlettheilt rett, anonym. Du er dagens vinnar. Gratulerer!
SvarSlett