Me har lese i avisene om Sjukehusnedlegging rundt om i Noreg. Fødeavdelingar og akuttavdelingar som er viktig å ha i nærområdet.
3. Bøndene sine økser brynte
hvor en hær dro frem,
Tordenskiold langs kysten lynte,
så det lystes hjem.
Kvinner selv stod opp og strede
som de vare menn;
andre kunne bare grede,
men det kom igjen!
4. Visstnok var vi ikke mange,
men vi strakk dog til,
da vi prøvdes noen gange,
og det stod på spill;
ti vi heller landet brente
enn det kom til fall;
husker bare hva som hendte
ned på Fredrikshald!
I Nordfjord stod menn og kvinner opp og stredet,.. og det virka. Statssekretæren har i fleire intervju uttalt skråsikkert at tilbodet skal vekk. Men han har måtte både svelge ein kamel, og bite i sure epler. Nordfjord sjukehus får behalde anestesitilbodet sitt.
Nå får dei nok sikkert behalde fødetilbodet sitt også. Sjukehus utan anestesiavdeling, kan ikkje ha fødeavdeling. Nå har dei redda anestesi, så då blir nok føden verande som ei naturleg følge.
Det hjelper å bry seg!
Stavangerskulane skulle spara 20 millionar kroner. Dette gjekk særleg utover elevar med særskilte behov. Foreldra reiste seg i flokk. Politikarane snudde, og skulane får sine 20 mill tilbake.
Det hjelper å bry seg!
Nå les me i avisene at polititilbodet i Suldal blir som i fjor sommar. Og det var lite. Når ulykker skjedde, var politiet alltid sist på staden. Ofte etter at både dei skada og bilar var vekke. Me har ope politikontor ein gong i veka. Det er fritt fram for dei som ikkje er på lag med politiet.
Kven bryr seg?
Dagens kviss: Kva slags kontakt er det helseministeren manglar, i følge fleire politikarar.
Bakkekontakt!!
SvarSlettbravo, Anne. Du er dagens vinnar!
SvarSlettBarre for atte eg måtte inn å sjå Dueland inn i auene så tidligt på dagen :-)
SvarSletthehe. du må ikkje vase deg innover fjorden når det er morgonkviss ;)
SvarSlettEg har kje fått somla meg te kvissen på evigheter nå, så ikkje klag tlb, du lede vel ganske bra denna omgangen.. ser ut som 0830 var ei dårlig tid, har kje sitt han innante..
SvarSlettNei han innante vente vel ennå på premien sin. Så han kastar vel ikkje tida vekk når han ikkje får utteljing.P Ps, Han Innante, du får den snart:)
SvarSlettHeisann! Eg er still going... Har ikkje ofra premien ein tanke, men har vore travel dei siste vekene... å 8:30 e meste litt for langt på dag for meg...
SvarSlettBra du e i live og ikkje drukna i regnskapspapir ;) Ja premien er plutselig på plass ;)
SvarSlettEg skjønar jo at 08.30 er mest ettermiddag for deg ;)