Latin var ein gong "lingva franca." Seinare kom uvitenheita, og meinte at latin var ut. Dermed kunne kun få menneske lese Torfæus si noregshistorie. Nyare historikarar kunne ikkje lese hans verker. Dei måtte nøye seg med andrehandsskrifter. Og desse andrehandsskriftene har nedvurdert han. Sjølv om mange av dei ikkje hadde lese bøkene hans sjølv.
Thormod Torfæus, ein staut kar.
Torfæus var historieinteressert, og det i ei tid då eldre norsk historie var etterspurt. Alle kongar ville føre slekta si tilbake til heroiske røter.
Han fekk ein kremjobb av kong Frederik 3. Men hoffet intrigerte mot han. Då Torfæus sa til kongen at den store Saxo gramaticus hadde feil i si historiebok, sende kongen Torfæus til Noreg for å få han vekk. Han skulle bli "kammererer". Der kom han i konflikt med kongen sine byråkrater, då dei var mot hans effektivisering av eneveldet. Han sa opp.
Stangelandsgarden på Karmøy. Torfæus si stove i midten.
Han vart tilsett, og oppsagt gjennom heile livet. Det var dei, til einkvar tid, rådane kongar som hyrte han. Var dei imot han, eller døydde, vart han utan jobb.
Historikarar som kom etter, har ikkje verdsett Torfæus. Etter 1770 kom nye tider. Gerhard Schønning gav ut Norigs historie. I føreordet rosar han Torfæus, men seier han eigentlig ikkje var historiker. Han hadde berre samla materiale om Noreg. Indirekte antydar han at Torfæus var unødvendig å lese. Og slik blei det.
Seinast i 1916 blir Torfæus vurdert ut frå si lisvførsel. Dei brukar personleg livsførsel for å vurdere hans kvalitet som forskar. Dr. philos Kålund konkluderte med at: Torfæus besøkte vertshus meir enn tilrådeleg, og hadde han vore kvinne ville han ha kome i ulykka. - Han trudde på astrologi, og teikn. Kven gjorde ikkje det i den tida då heksebåla varmde Danmark- Noreg både titt og ofte? - Han var tilbøyelig til å drikkke seg full. Finn ein mann på 1600- talet som ikkje gjorde det..
På 1900- talet var det få latinekspertar som kunne vurdere Torfæus, og dei få som kunne, gjorde det ikkje. Dei torde ikkje utfordre dei rådane ekspertane. Det akademiske fagmiljøet godtok at Torfæus blei tatt vekk frå historiearenaen. Ein katastrofe, spør du meg.
Så, hurra for dei som no har sett i gong med det enorme arbeidet med å oversette 8 bind noregshistorie. Slik at me kan lese med sjølsyn, og vurdere det som står. Då kan me "Tænke sjæl!"
Torfæus blei utsett for misunnelse, og andre sine spisse oldbogar blei hans skjebne. Det som Helene Uri har skrive om i ein av romanane sin: " De beste blant oss." Der skriv ho om korleis folk i høgtståande stillingar utnyttar sine posisjonar. Ho sa opp stillinga si ved universitetet i Oslo på grunn av det. Så det skjer framleis på universiteta.
Dagens kviss: Kva heitte konene hans?
Anna Stangeland
SvarSlettFinn ikkje andre koner i mine kilder...
Anna Stangeland som døydde i 1965.
SvarSlettHan gifta seg oppatt med husholderska si Anne Hansdattir Gammel i 1709.
(hentet fra store norske leksikon : Gift 1) 9.7.1665 med enke Anna Hansdatter (1620–16.12.1695), datter av Hans Gabrielsen, Kvinesdal og hustru Sofie; 2) 1709 med Anne Hansdatter Gammel (ca. 1660–1723), datter til rådmann Hans Pedersen Gammel og Marie Clausdatter.)
Han hadde ingen born med konene, men på Karmøy heiter det framleis at han har mange ætlingerfødde utanfor ekteskap
Søren og.... litt seine i dag og.
SvarSlettMe har ikkje kjøpt inn denne Noregs-historia. Har ei von om at ho dukkar opp på innkjøpslista til kulturfondet før eller seinare. Alltid kjekt med det som er gratis. Skulle det no så vera at me må kjøpa verket sjølv, så har me på biblå heldigvis ikkje det problemet som var emne i gårsdagens blogg.
Heilt rett, Anne. Begge konene heitte Anne/a Hansdotter. Gratulerer som dagens vinnar!
SvarSlettHan innante, sidan begge heitte det same, går det av og til i badl for kildene;)
tlb, godt de ikkje har same problemet som dei i går :P
Kjem boka inn, så er eg førstemann på lånet ;)