torsdag 2. juni 2011

Himmelspretten!

Førti dagar etter påskedagen kjem Kristi Himmelsfartsdag. Dagen er også kjent som himmelsprettdagen.  Denne dagen dukkar vanlegvis opp i mai. I år kjem dagen i juni.  Sist det var himmelsprett i juni, var i 2000, og 1943

Neste gong er i 2038  Ennå skjeldnare er det at den dukkar opp i april. Sist det skjedde var i 1818, og neste gong blir i 2285  Så, det får ikkje eg oppleve.

Me byrja å feire denne dagen ca 300  Det er etter Lukasevangeliet me feirar at Jesus for opp til himmelen. Dette er ein dag som ikkje har opphav i førkristen tid.


                        Mange kunstnarar har måla denne hendinga som disiplane var vitne til.



Kristi Himmelfartsdag
Fine søndagskulebilete.


Maria , mor hans, fekk og sin eigen himmelsprett, men det får ikkje me protestantar vite.


Disiplane iført hjelmar og Jesus i ei kule.


Denne pergamenten frå 585 viser himmelfarten i Rabbula- evangeliene.



kristihimmelfart5.jpg (42843 byte)
Det er liksom ei kule rundt....


Var det ein slik farkost dei reiste i ?

Bilde


Dagens kviss: Kven i bibelen reiste til himmels i noko som romforskarar meiner var ein UFO?

5 kommentarer:

  1. Nei, vent nå litt. Han var vitne til noe som man tror var ufo - men av teksten klarer jeg ikke forstå om han blei tatt med heller ei.

    Profeten Elia ble hvertfall fraktet opp til himmelen i en ildvogn!Så da svarer jeg Elia

    SvarSlett
  2. jaja, du har lagt inn to svar.Begge er jo rette. Etter innlegget mitt kunne det tolkest som Elia. Så det passar best som svar. Han hadde berre tur-billett. Ezekiel hadde tur/retur.
    Det er dei som meiner at Elia kom att også, men det er vel litt avansert teologi.

    Så me går for Elia. Gratulerer som dagens vinna!. Litt lite konkurranse i dag. Men dei fleste held vel kviledagen heilag!

    SvarSlett
  3. Eg trudde ikkje det var kviss idag, sidan det var "søndag"!! Så eg var seint ute og..

    SvarSlett
  4. the librarian bitch3. juni 2011 kl. 00:21

    Gløymde ut heile greia eg :-)
    Men må fortelja om hu så meinte på hu hadde sitt Vårherre. Kor då? Koss såg han ut? lurte dei på. Jog, sa hu. Utføre kjøkenglaset. Han va på skap nett så ei hedlekaka.

    SvarSlett