mandag 6. juni 2011

Mjølkemafia

Amishfolket i Amerika driv jordbruk etter gamal metode. Dei driv frå ei tid før pasteuriseringa og homogeniseringa var oppfunne. Dei får lov å selge mjølk til folk som kjem til garden for å kjøpe.

I Amerika vert upasteurisert og ikkje- homogenisert mjølk kalla rå-mjølk. Det er ikkje det same som me kallar råmjølk. Då dei snakkar om "Raw milk" meiner dei tankmjølk, eller nysilt mjølk.

Amishbonden, Allgyer, gjekk i fjoset som vanleg klokka halv fem. Han undra seg over at det kom mange bilar køyrande. Det viste seg å vere agentar frå mattilsynet og lekjarmiddelbyrået, og politiet. Dei skulle ha mjølkerassia hjå bonden. Denne rassiaen var resulatet av meir enn eit års spaning på det dei omtala som mjølkemafiaen.


melking hånd og fôring kalv - samtidig kyrne ...
Slik gjer Amishane det.



Nærings- stoffer i melk
Her er det farlege produktet.

Du har lov å drikke denne mjølka, i nokre delstatar kan du kjøpe den også. Kjøp og salg føreår i kjøpeklubbar. Men salg på tvers av delstatar er ulovleg. Bonden Allgyer i Pennsylvania vart arrestert for å ha seld mjølk i klubbar i Maryland.

Sidan USA er grunna på fridom, vart det raskt demonstrasjonar mot arrestasjonen. Høgdepunktet i demonstrasjonen var kumjølking med påfølgende mjølkedrikking.

No blir det rettsak.  Samstundes lanserer presidentkandidaten, Ron Paul, (republikaner) eit lovforslag om å tillate sal av upastereurisert mjølk. Kanskje me høyrer meir frå han framover.

- "Amerikanerane har rett til å innta desse produkta, uten at myndigheitene skal overstyre deira vurdering av kva som er sunt" seier Ron Paul.


EN SNIFF AV FINNSKOGEN: I lagerrommet på Sjøli gard i Åsnen Finnskog oppbevarer Tor Prestgard (47) sine dyrebare upasteriserte oster. Foto: Geir Olsen
Kvitmuggost frå finnskogen.

Kansksje dette er noko å tenkje på i Noreg. Våre gamle ostar var upasteuriserte. Så var det forbudt i mange år. Nå kan me heldigvis kjøpe slik velsmakande ostar att i Noreg. Du verda, så godt dei smakar!  Vil du ha tankmjølk, kan du oppsøkje ein bonde og kjøpe der, men du kan ikkje kjøpe den i butikkar.


Bonden med budeia si ein dag i 1981

Ubehandla mjølk kan ha i seg farlege bakteriar, men dersom mjølking føregår i reinslige fjos, er det liten fare. Mange meiner det er ei mykje betre og sunnare mjølk. Det er mennesker som ikkje tåler å drikke pasteurisert mjølk, men dei kan tåle upasteurisert, altså tankmjølk. Andre meiner at homogeniseringa er like farleg, og at etter at ein byrja å homogenisere mjølka, har folk fått hyppigare slag og hjarteinfarkt.

Desse sel upasteurisert mjølk, mjølk med kjærleik:
http://translate.google.no/translate?hl=no&langpair=en|no&u=http://handmilking.com/

Dagens kviss: Kva utdanning hadde Louis Pasteur?

2 kommentarer:

  1. the librarian bitch6. juni 2011 kl. 08:34

    Han var kjemiker og bakteriolog

    http://no.wikipedia.org/wiki/Louis_Pasteur

    SvarSlett
  2. jepp, jepp.Gratulere som dagens vinnar!
    Dødt på kvissen for tida:P

    SvarSlett