søndag 19. juni 2011

Se og bli sett på Ronæs-hjørna


Alle byar med respekt for seg sjølv har uterestaurantar. Dei  dukkar opp overalt.  I Stavanger kan ein går gjennom ein vrimmel av uteplassar mens ein ser på dei som set og kosar seg. Og dei ser tilbake.

Det er det det dreier seg om; "se og bli sett!"

På Sand har me sjølvsagt vår eigen plass.  Ein sommarsdag fins det ikkje betre plass enn Ronæshjørna. Det sit me og ser, og blir sett.

På fine dagar vrimlar det av folk her. Å sitje med kaffi og softis er like bra som å sitje på ein fortauskafe i Paris.  Og så kjenner me fleire folk som me ser på, og blir sett av.

Under Ryfylkedagane var eg i gata. Eg og bibliotekaren ville studere det yrande livet.  På hjørna til Ronæs var det fullt.  Me gjekk frå bord til bord for å høyre om inkvan ville dele bord me oss.  Tilslutt var det eit par som forbarma seg over oss. Dei delte raust bordet sitt med oss. 

Bibliotekaren  gjekk for å proviantere, mens eg studerte på harde livet.  Brått bøyer mannen seg mot meg og spør: "e kje du i slekt m hiimerane?"  Eg lurte fælt på om det viste så godt på meg. 

Det viste det seg at eg hadde enda på same bord som oldebarnet til Olaus Hiim. Brødrene Him; Ordin, John og Erling var hans grandonklar.  Sjå her, Olav Magne, nedfor kan du studere slektningane dine.  Desse som du ikkje visste kven var...



Dette koselege paret delte bordet sitt med oss. Me hadde ei gild stund og fekk nye venner. Slik er det på Strandstaden. Det er lett å få nye venner. Berre sett deg ei stund på Ronæshjørna ein sommardag.

Så godtfolk,  ha ein fin lordag på Ronæshjørna.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar