Det viser seg at slåtteenga er blant dei fem utvalde naturtypane. Og kven er årsaka til at me har slåtteeng? Jo, det er den bonden som kom på å slå graset til dyra sine, for ca 2500 år sidan. Sidan har bonden drive på jamnt og trutt og slått enga si.
I denne enga har det vakse fram eit rikt mangfalt av artar. Slåtteenga ordna seg sjølv. Ein trong ikkje gjødsle, og graset derifrå berga mange bønder frå dårlege tider. Seinare vart ikkje slåtteenga sett på som produktivt mark. Nå har inkvan kome på andre tankar.
Korleis skal ein gå fram for å verne desse slåtteengene? Jo det er ein måte å gjere det på. Det er på same måten som bonden har gjort dei siste 2500 åra: slå graset.!
Tradisjonell slått er stikkordet. Beiting gir beitemark. Slått gir slåtteeng med eit mangfald av blomar og gras. Dersom slåtteengene først forsvinn, tek det tusenvis av år å få dei tilbake, om dei nokongong kjem tilbake.
Denne fine orkideen veks i tradisjonelt drivne slåtteenger.
Systermarihånd. Slåtteengblom på raudlista
Kven har ikkje gått i slåtteenga og plukka dei finaste blomebukettane...
Slik skal slåtteenga skjøttast.
Korleis kan dei verne slåtteenga, jo enklast er det å gjere gardsdrift leveleg for bøndene, så kjem resten av seg sjølv!
Dagens kviss: Bildet over viser ein slåtteengplante. Den heiter Grønnkurle. Kva familie tilhøyrer den?
http://www.regjeringen.no/pages/16440898/Kgl_res_Forsrift_om_utvalgte_naturtyper_110513.pdf
orkidefamilien,
SvarSlettAsparagales,
enfrøbladede planter
Trur du regjeringa har skjøna samanhangen mellom slåtten og bonden?
SvarSlettEin annan ting er vel at ettersom jordbruket skulle bli lønsamt og bonden skulle oppnå ei industriarbeidarløn, så valde dei vel vekk slåtten og inn kom traktoregga og siloen. Kan aldri tenka meg at mat som har vore tilsett maursyre kan vera godt for kua?
Lutten, du vann i dag. gratulerer som dagens vinnar!!
SvarSlettTlb, det ser ikkje ut som om dei har sjøna samanhengen, ellers ville det vel ikkje vore nødvendig med desse tiltaka.
Øyremerka midlar, det er jo vanlig i offentleg sektor. Bang, to i eitt!
Man bliver hva man spiser...