Fimbulvinteren skal ein ta seg i vare for. Dette er skumle saker. Ser ein kva Den yngre edda skriv om dette er det ikkje berre vintrane me skal frykte, men også dei manglande somrar:
- Ganglere: "Kva er å fortelje om Ragnarok?"
Høg: "Store ting er å melde om det, og mange og.
Det fyrste er at det kjem ein vinter kalla Fimbulvinter.
Då driv det snø or alle ætter, det er sterk kulde og kvasse
vindar, ingen har gagn av sola. Det er tre slike vintrar -
utan sommar imellom." -
Der ser me det; tre harde vintrar- utan somrar mellom!. Nå har me hatt to lange og strenge vintrar og to somrar utan gagn. Lamma kjem heim frå heiabeite like små og skrale som når dei for til fjells. Graset inneheld berre vatn og det gjer ingen feit! Då er me vel langt ut i Fimbulvinteren?
Denne soga handlar truleg om ei tidlegare klimakrise. 535 - 537 e kr inntraff eit merkbar fall i temperaturen. Soga seier også at Fenrisulven tok månen og ein av ungane hans tok sola. Dette passar til ein hending som er skriven ned annan stad også. Den langvarige solformørkelsen. 536 lyste sola som ein måne, utan stråleglans. (Procopius)
Vidar set foten i gapet til Fenrisulven.
Det som me må tenkje på, er at ved slike klimaendringar blir alt ustabilt. Det virkar over heile verda, ikkje berre ei eit eller anna land langt vekke. Vulkanutbrot i stillehavet kan finnas att i isen i Antarktis.
Dagens kviss: Kven er Fenrisulven?