torsdag 6. oktober 2011

Å reka itte veiene

Eg har vore på rek. Å reka etter vegane er ikkje spøk. Vestlandsvær og haustvær er ein heller spelige kombinasjon. Det er mest så det hadde vore naudsynt med eit forbod mot det. Kanskje ei sak for EU kommisjonen?

Vått....

Eg har reke langs diktarvegen, riksveg 13, med livet som innsats. Ein  god ting er det å sei om Ryfylke; me har nok vatn!  Eg kom bokstaveleg på rek i den vassfylte vegbanen. Bekkjer kom der bekkjer ei før har fare.. .     Ingen diktarar var ute langs vegane. Hadde dei vore det, hadde poesien runne vekk.


våtare...

I slikt eit vær skulle ein helst ha halde seg heima i godstolen, fyrt litt i omnen og sett ut på uværet. Eg har ofte lurt på kva folk fer og rek etter langs vegane i allslags vær. Nå har eg funne det ut; nødvendige ærend!


våtast....

Hadde det vore val nå, hadde eg stemt på det partiet som gjekk inn for forbod mot reking langs vestlansdvegar i heise vær..

Dagens kviss: I Noreg regnar det mest på vestlandet. Kom mange mm omtrent?

2 kommentarer:

  1. the librarian bitch6. oktober 2011 kl. 08:06

    Årlige nedbørnormaler [rediger]

    Det kan sjå ut som det er Brekke i Sogn med 3575 mmsom er best på vatn ovanfra, i motsetning til dalstrok austante som berre får 278 mm som t.d. i Skjåk. Stakkars dei

    SvarSlett
  2. Innenfor vestkysten, der nedbør- og bygeområder forsterkes ved hevning mot fjellene, finner man maksimalsoner med over 2000, stedvis over 3000 mm som normal årsnedbør.

    SvarSlett