Borghild Moe til minne
Så var dagen og timen komen. Borghild Moe sovna stilt inn om morgonen den 30 april.
Borghild vart 94 år. Det vil sei at dei aller fleste i bygda ikke kjenner eit liv utan henne.
Borghild var fødd i Grov. Foreldra var Brita Grov og Sverre Førland. Sverre hadde far fra Brommeland.
Då Borghild var 1 år bestemte foreldra seg for eit liv i Sandsbygda. Sverre fekk seg jobb på Juvåsen. Der vart dei varende til 1964
Borghild fekk etterkvart tre søsken. Dei fekk alle oppveksten sin på Juvåsen blant slekt og venner.
Då Borghild byrja på skulen fekk ho seg ein ven for livet: Lars Hiim. Året etter byrja nok ein hiimsunge på skulen: Valborg. Dei hadde mykje gildt i skuletida og Borghild var ein meister til å fortelje fra den tida. Ein lått, og glimt i auga var Borghild sitt varemerke.
I ungdommen tente Borghild hja Margit og Ola Hiim. Ho blei godt likt, og ungane der i garden elska Bogga, som dei kalla henne. Margit og Borghild heldt vennskapet så lenge Margit levde.
Borghild traff Daniel Moe. Guten som kom til Moe som 4 åring fra sauda. Foreldra hans overtok garden i Mo. Der gjekk Borghild forbi kvar dag, til ho i 1950 ikke lenger gjekk forbi. Borghild og Daniel fekk to sønner som slo seg til i bygda, ein på garden og ein på Kløv.
Det var bryllup både på Hiim og i Mo i 1950 Venner følget ofte. slik og med Borghild og Daniel, og Karen og Lars Hiim.
Venninner på badetur til Vikadn
Eg hugsar godt me var i Mo, og dei på hiim. Etterkvart som me ungane vaks til blei det lettare for dei å ha eit sosialt liv.
Det var spesielt 3 vennepar: Torger og Olaug Hauge, Borghild og Daniel Moe og Karen og Lars Hiim. Alle hadde jeburdagar i løpet av få månadar, og det feira dei lag. Dei hadde det helst travelt fra februar og utover. Då ville dei ikke ha oss ungar med.
Borghild legg i maskinen. Me hadde ein oppvaskmaskin fra tidenes morgenBorghild og søskenbarnet Bergit Helland kokte i bryllupet mitt på Hiim. Då hadde det ikke vore feira bryllup der på lange tider. Eg minnest eg var ute på. kjøkkenet og snakka med dei. Borghild, blid som vanleg, skrytte og sa det var minste føre å styre på her som det fanns oppvaskmaskin.
"Har du ein ven så gå ofte dit, om ikke vil vegen fyke igjen og ugress og krakkskog gjemme den", skreiv onkel Løland i minneboka mi. Det er fritt fra håvamål. I Borghild sitt far fekk ikke ugras veksa. Ho var flink til å finne vennen sine. Då mor levde ringde dei kvarandre kvar dag.
Våren har vore mild og torr. Nå sprett alt og graset grønkar. Men dette året sit ikke Borghild lenger og smiler på benken ved sida av ramsløktua .
Borghild blir sakna av dei fleste her. Alle hadde ein eller annan kontakt med henne gjennom hennar 94 -årige liv. Venner har ho alle stadar. Ho fekk oss alle til å føle seg spesielle.
Fred over minnet !