Viser innlegg med etiketten reise-liv. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten reise-liv. Vis alle innlegg

fredag 1. juni 2012

Detroit City

Motor City
Denne byen var USA sin største by etter 1.verdskrig.  Byen er bygd av bilar. Det starta med Ford. Snart var alle bilmerke representerte med fabrikkar der; Cadillac, General Motors, Chrysler, Packard, Dodge, Durant osv.

 «Where Ford goes the world goes» sa ein president ein gong. Nå går byen ingen stad. Den går istaden ad undas. 


Mens byen var på høgda rulla mange millionar bilar ut av banda. På nedturen kun 1.4 millionar per år. Detroit hadde det første kjøpesenteret, og den første freewayen i verda. 


Ford skapte ei verd der folk både ville og måtte ha bil. Byen Detroit er bygd på denne draumen.  USA følgde opp med eit samfunn der det ikkje berre var kjekt å ha bil, men også heilt nødvendig. I forstadane måtte ein ha bil for å klare seg.

Den første krisa kom med depresjonen. Mat vart viktigare enn bil. Så kom ein krig og den var kjærkommen for bilfabrikkane. Dei produserte utstyr til krigsindustrien. Detroit kom seg opp or bølgedalen.



Så kom oljekrisa. Bensin vart mangelvare. Alle ville nå ha gjerrige europeiske bilar. Det ødela bilbransjen og dermed Detroit.




Ikkje noko vakkert syn, men "Hope takes Root" 

Nokon meinar at cracken si nnførsel på 80- talet var med å gravlegge byen. "Alle" heiv seg på denne gåva frå himmelen. Kvifor jobbe 8 timar, og akkurat klare seg, når ein kan deale crack og bli rik. 


Eit TV program tok opp situasjonen for dei som bur att. Frå å ha eit 50/50 forhold i rase flytta kvite ut or deler av byen, men dei styrte ennå. Innbyggjartalet vart halvert. Byen skulle spare pengar. Det gjorde dei i skulane i dei fattige bydelane. Det blei fortald korleis kunstfag og musikkfag vart tatt ut or pensum på grunn av lærarmangel og innsparingar. Leikeplassane vart asfaltert.  
«Ba dei om trøbbel?» spør forteljaren.

På 90- talet normaliserte bensinprisane seg att. Då var det SUV`ar som gjaldt. General Motors fekk statlege midler for å klare seg.  Noko som var uvanleg i USA.

Redningsaksjonen gjekk ikkje så godt. Nå er det dophead, skraphandel og hundekampar som styrer store deler av byen. I 2009 var det ein arbeidsledighet på 28,9 prosent. 

Er dette eit for mørkt bilete? Ikkje ifølge  ein del av dei som framleis bur i det som ein gong var ein elska by. 


Folk har likevel byrja å reise kjerringa. Dei går i mot straumen i "Urban Agriculture Movement". Dei vil ta byen tilbake. Dei riv ned tome farlege bygningar, og dyrkar grønsaker i parkane. " Har du 4 mål land kan du klare deg godt". Den amerikanske draumen er død. 

                                                      Detroit  Rock City 

For interesserte kan de sjå video frå jordbruksrørsla som vil ta bilbyen tilbake:

torsdag 31. mai 2012

Den fryktelige ferden

Eg har strevd med gjennom ei bok på 660 sider. Det var frykteleg. Eg las "Den fryktelege ferden" av Apsley Cherry- Garrard. Dette er ei bok om Robert Scott sin ekspedisjon til Sydpolen fortald av ein overlevande.



Boka er god, men det var til tider frykteleg å lese om desse karane og kva dei opplevde. Somme kveldar tenkte eg at eg orkar ikkje meir storm og kulde, men i solidaritet med Cherry las eg. Kunne han gjennomleve det, kan eg lese om det.



Er du glad i mursteinsbøker kan eg anbefale denne. Eg må innrømme at når eg kom over boka ville eg lese den for å sjå om eg fann ut noko meir om Campbell, naboen over Lågen. Campbell var med Scott til Sydpolen og som seg hør og bør ein god engelskmann hadde han landsted på Sand.  I bygda der eg vaks opp var eg nabo til to av desse lakseslotta. Juvåsen rett over Lågen, og Hiimsmoen  på garden vår.

Eg fann lite om Campbell i boka, for han vart sett av ein annan stad, og der måtte han klare seg som best han kunne med gruppa si i 3 år. Dei overlevde, såvidt.


Apsley George Benet Cherry- Garrrard (1886- 1959)

Men eg fekk følgje Cherry. Snakk om å ha "stiff upper lip". Desse engelskmennene må eg bøye meg djupt for. Dei hald ut dei verste pinsler utan å klage. Dei reiste til Antarktis og vart verande der i tre år. Kven ville reist frå sine og vere vekke i 3 år utan kontakt med omverda. No tildags fyk dei inn til polpunktet med helikopter, og går på ski ei mil eller så, og sender sms om at no er dei framme.


Robert Scott

Slik sleit dei seg fram. Dei hadde to sledar. Dei var så tunge at dei måtte dra ein om gongen. Så måtte dei gå tilbake og henta den andre, slik at dei gjekk streninga tre gonger.



Cherry var med på Vinterreisa. Den er kalla den verste reisa i verda. Dette var om vinteren og det var mørkt så og sei heile døgeret. Dei var ute i fem veker. Det var storm heile tida, og temperaturen var mellom minus 40 til minus 60 grader Celsius. Alt dette strevet var for å få tak i Pingvinegg. 
Det tok omlag ein halvtime å komme seg inn i soveposane om kvelden, for dei måtte tinast litt etter litt, slik at dei kunne komme inni dei. 


Cherry fekk store problem etter heimkomsten. Han utvikla kronisk depresjon og hadde fordøyelsesproblemer. Ikkje rart han fekk fordøyelsesproblem. Dei åt stort sett berre Pemmikan. Dette er eit fettstoff, tørka kjøt og bær med høgt energiinnhald. No til dags blir det helst gitt til hundar.

I boka analyserer han turen og gir råd til framtidige polfararar. " Hvis denne boka kan fungere som veiledning for polfarerer i fremtiden, så har mitt arbeid ikke vært forgjeves."


Dei tapte kampen om å vere først på sydpolen fordi dei skulle både bli først på polen, og drive vitenskapelege undersøkelsar

lørdag 24. september 2011

Hotell i særklasse

Hotell kan vere kjedelige greier. Ofte er dei mørke, triste med  sjølvhøgtideleg personale.  Av og til blir me overraska då eit hotel viser seg å vera noko anna enn det ein trur. Det opplevde eg i august.  Eg skulle på kurs. Kurset var på flyplasshotellet på Sola. Off, tenkte eg, så kjedelig.

Quality Airport hotel

Dette hotellet har eg køyrd forbi i mange år når eg skulle til og frå flyplassen. Eg trur eg var på søndagsmiddag der ein gong når dotter nummer 1 og 2 var små.  Dette er eit hotell eg hadde ingen forventningar til. Men vett de kva; her har det jobba folk med humor.

I staden for formanande skilt, har dei laga koselige skilt med humoristisk informasjon. Så enkelt, og så kjekt.


Akkurat når eg spurte ei dame kor doen var, sto dette skiltet og viste vei.


Grei forklaring kor kin skulle gå..


Me damene fekk velje ut ein fotballhelt til å gå på do med. Du vett jenter går aldri åleine på do.  Å vett dåke ka! Han stod klar i båsen og venta...


Slik kan det og seiast. Til ettertanke for hotell med alle forbuds- og køyrereglar.


alltid godt med ein liden dråbe..


Ein fin måte å servere kranvatn på. Husets eget vann. Duggfriskt, sunt og miljøvennlig alternativ og dessuten kortreist. Fra IVAR!  Så enkelt og så stiligt.


WWWersågo og lån ein pc..


Eg har laga meg min eigen softis for første gong! Eg kunne laga meg så mange eg ville, med så mykje strø eg ville..


Her står det ein trist unge, for som det står: mamma har reist på konferanse og hu får spise så mye kaker og is hun vil. Kanskje for å gi oss litt dårlige samvittighet...

onsdag 21. september 2011

Å lesa om Noreg i Bulgaria

Når ein er ute og reiser er det kjekt å treffa på kjende. Fer ein utanlands, som til Syden, er det sjeldnare å treffe på kjende. Og enda sjeldnare er det at inkvan veit noko om vårt land. Dei kan gjerne nokre gloser som fiskeboller, eller Baccalao. Kanskje dei veit det er kaldt der, men så så er det slutt på kunnskapen.

Noreg brukar store summar på reiseliv. Det er om å gjere å marknadsføre seg for å få tak i turistar. I sommar, då eg var i Bulgaria, opplevde eg at Reiselivs-Noreg nådde fram med sitt bodskap;

 P1010033
Eg visste ikkje noko om dette før midskillet var blitt breiare enn breiast. Tilslutt var det inga råd. Eg kunne ikkje venta til eg kom heim til Wenche. Ungane ville ikke bli sett ute med meg, så eg gjekk til frisør.

 P1010185
Me gjekk til Sveti Vlas, ein bitteliten landsby omlag som Sand. Midt i byen er den gamle brunnen gjort om til fontene. I denne parken sit dei innfødde om kveldane og kikkar på turistane som hastar til og frå.  

Der fann eg ein frisør som hadde tid, og skjøna kva eg ville. Sidan eg ikkje kunne drive "small talk" med frisøren, grabba eg eit bulgarsk blad og byrja å bla i det. Og kva fekk eg vel sjå;


 P1010188
Her i bladet " Beauty"  var det tre fullpakka sider med stoff frå Noreg. Det tok for seg fjord- Noreg og fjell- Noreg frå sør til nord.


 P1010189
Eg hadde øvd på alfabetet så eg var stolt over å finne stoff om Flekkefjord, Bergen, Preikestolen, Fleire fossefall, Trondheim osv. Det tok for seg Stavkyrkjer, norske troll og Finnmarksvidda. Meir klarte eg ikkje forstå. Men såpass forstod eg; dette var godt marknadsføring!

P1010191
Eg fekk sei til alle i salongen at der kom eg frå, og at dei burde absolutt ta seg ein tur dit.  Som de ser så har midtskillen krympa saman att.

Dagens kviss: kvifor måtte eg øve på alfabetet?

søndag 28. august 2011

Wenn jemand eine reise tut... Bulgaria

Å vere på reisefot er gildt, ein opplever mykje. Denne gongen reiste eg til Bulgaria. Og der vart eg verande. Det var så varmt at det var ikkje anna å gjere enn å kose seg ved bassengkanten. Det var så vidt me orka bade i det varme Svartehavet. Me orka ikkje rundt får å oppleve så mykje, men me hadde kvalitetstid med slekt og venner. Etter 5 veker tok eg meg i å ha eit seigt avslappa ganglag. Då fann eg ut at det var på tide å venda heim.

Bulgaria er annleis, og likt. Ein av dei stor forskjellane var å vere budd på å bli kasta av bussen midt i ruta for sjåføren var ferdig på skiftet sitt, og kjørde vidare med tom buss. Det var heller ingen begrensingar kor mange passasjerar som kunne gå ombord. I ein stappfull buss pressa billettøren seg fram og tilbake  for å selge billettar.



Me følgde skilt-instruksen: Was happy in Bulgaria.


Hestedrosje passar på late dagar.

Oversikt over Sveti Vlas. Magic Dreams ligg til venstre for landsbyen.

Om kvelden kunne me kosa oss i ei gedigen såpeboble. Umulig oppgåve for gamle skinn, men ungane storkoste seg.

Dotter nummer 1 med mann og barn kom også på besøk.


Ferievenner frå Suldal: Arne, Kari og Silje. Beste ferievenner ein kan ha.


Her er ein av ferievennene mine. " He me d kje gjildt?"

Ikkje lett å balansere på Bambi.

Lange late dagar ved bassengkanten. I temperatur opp mot 36 grader kvar dag, var det ikkje mykje anna me kunne gjere:  Bade, slappe av, bade, ete, bade, slappe av...


Det vart mykje spel og kryssordløysing under parasollen. Liva vart ein "reser" på kryssord etter 5 veker


Det er like varmt som det ser ut.


I Bulgaria treff ein kjende på kvart hjørna. Her på Kafe med Elise og Siri i Sunny Beach

Me har to basseng å velte oss i 

Frå bassengkanten ser me ut på Svartehavet.

Dreamville. Alt du ser er ein draum. Det blei "broken Dreams" for ein del nordmenn. Men for eit paradis det er.

Marcus med søstre, far og besteforeldre var ei veke. Han samla fliser nok til å flislegge sitt eige bad når han blir stor.

Ask og Chris fant tonen med ein gong. Chris og Hristo hentar oss på flyplassen, kjører oss overalt. Dei er til og med med på handel. Og dei veit alt me vil vite. Beste sjåførar i verda.

Utsikt frå "Khans Tent": Sunny Beach-bukta og Nessebar bakerst i bilete. Gamle Nessebar by som er på Unesco si verdsarvliste ligg på øya de kan skimte.

Onkel Tor fekk tida til å gå. Han likte helst dei små såpeboblene.


Her skulle det vore ein video av Bambi på vatnet, men eg er ikkje teknisk nok til å få det til:P

fredag 1. juli 2011

Sveti Vlas, Bulgaria

Nå har eg logga meg av nettet og reist til sydlegare breddegrader. Eg har reist på landstedet i Bulgaria. Staden der halve Suldal, Vindafjord og Haugalandet ferierer. Nå ventar 14 dagar med late dagar og varme strender.

I fjor var det hetebølge når me var der. Det kan godt vere mildare dette året, men me tek all sol og varme som bonus. Bulgararane var ikkje så opptekne av temperaturen som me nordmenn var. Når me spurte kor varmt det var, sa dei " maybe 30" Når me protesterte, sa dei " ok, maybe 40!"  Så dette året har eg pakka gradestokken i kofferten.


 P1010023
                                      Det litle bassenget med barnebasseng.

 P1010034
    Soverommet har utgang terrasse. På terrassen har eg kveldsol. Det er nydeleg å sitje der og sjå sola gli ned bak åsane. Einaste minuset var at det var i varmaste laget i fjor. Men vil me til syden må me ta varmen  også.

 P1010071 
                             Det store bassenget. I bakgrunnen ser de Svartehavet.

P1010097 
                       Kjøkkenkroken. Stova, kjøkken og gangen er i eit rom.

P1010108
 Gata vår. Min leilighet der utelyset er påskrudd. Når eg sit på denne terrassen, ser eg over til øya og den gamle byen Nessebar. Nessebar står på Unescos verdsarvliste.  Kvar dag kjem det store cruisebåtar og legg til der ute.


P1010095
                                                          Fint flislagt bad.

P1010075
                                               Restaurant ute og inne

 P1010092
Stova har 3 liggjeplassar. Sofaen og stolane blir gjort om til senger. Her huserte dotter nummer 3 i fjor.

Då er de oppdaterte på mine ferieplanar. Nå kan de fortelje meg og bloggleserane kor de skal feriere...
Så må de komma dykk av nettet, og ut i naturen. Ser dykk over ferien. Kva tid nå det blir.....

Happy hollyday!