I fjor var det hetebølge når me var der. Det kan godt vere mildare dette året, men me tek all sol og varme som bonus. Bulgararane var ikkje så opptekne av temperaturen som me nordmenn var. Når me spurte kor varmt det var, sa dei " maybe 30" Når me protesterte, sa dei " ok, maybe 40!" Så dette året har eg pakka gradestokken i kofferten.
Det litle bassenget med barnebasseng.
Soverommet har utgang terrasse. På terrassen har eg kveldsol. Det er nydeleg å sitje der og sjå sola gli ned bak åsane. Einaste minuset var at det var i varmaste laget i fjor. Men vil me til syden må me ta varmen også.
Det store bassenget. I bakgrunnen ser de Svartehavet.
Kjøkkenkroken. Stova, kjøkken og gangen er i eit rom.
Gata vår. Min leilighet der utelyset er påskrudd. Når eg sit på denne terrassen, ser eg over til øya og den gamle byen Nessebar. Nessebar står på Unescos verdsarvliste. Kvar dag kjem det store cruisebåtar og legg til der ute.
Restaurant ute og inne
Stova har 3 liggjeplassar. Sofaen og stolane blir gjort om til senger. Her huserte dotter nummer 3 i fjor.
Då er de oppdaterte på mine ferieplanar. Nå kan de fortelje meg og bloggleserane kor de skal feriere...
Så må de komma dykk av nettet, og ut i naturen. Ser dykk over ferien. Kva tid nå det blir.....
Happy hollyday!
Kva er betre enn Suldals-ferie? Etter ei interessant, men kald veke i Berlin, blir det Suldal for meg, gjerne med nokre avstikkarar under vegs. Men først er det jobb ei veke.
SvarSlettSer nydeleg ut i Bulgaria! Ein fin plass å lade opp før haustmørkret omsluttar oss. Nyt dagane!
Glede meg til du kjeme tebars for då går eg ut i ferie. Då kan me sitja på terassen min med nåke kaldt i glaset og nyta sommarvarmen. I flg dagens VG så kjeme sommaren nå når fellesferien startar og skal vara ut september :-)
SvarSlettJeg ser at jeg er litt sent ute med min kommentar, men håper det går for denne gangen. ;-)
SvarSlettHvordan er det med oss som burde skrive på bondemål (les nynorsk) men ble påtvunget bokmål? ;-)
I går kom vi hjem etter 14 dager med byferie i London. Det var en koselig tur med mye kos og mye "trakk". Fikk noen utrolige gnagsår, men det var desverre min egen feil, for med nye sko kan en ikke vente annet.
Stor bamseklem fra bestefarole.
Hei hei. Som du har funne ut , TLB, blei eg klimaflykning. Men me kan vel ta nåke varmt i glaset på ein kalde terrasse nå i sommarkjølen;)
SvarSlett2 vekers ferie blei til 5 veker. Det var mellom 30 og 36 grader på det jamna. Det gjorde underverk for musklar. Plutselig passa skinnet til kroppen ;)
Så eg har lada opp batteria til hausten!