Ungdommane er positive til dette og gir eksemler på kva dei ønskjer: Dei ønskjer seg meir aktivitetar på kveldstid. Ein plass å opphalda seg fredag- og laurdagskveldar. Dei vil ha fritidsklubb på Sand.
Då byrjar det å svive i mine små grå. Har dei ikkje fått med seg at dette har dei allereie? Fargeriet har hatt fredagskafe for ungdom lenge. Tunet eksisterar vel ennå? Det er ungdommen sitt eige hus. I tillegg har Kulturhuset uF(F)- kveldar ein fredag i månaden. Dette tilbudet har kulturhuset sett i gong etter ønskje frå politikarane.
Dette kan du gjere på uF(F)
Dette kan du og gjere på UF(F)
Då er spørsmålet: kor er ungdommen som etterlyser eit tilbod om å henge rundt ute i helgene? Kor er ungdommen som etterlyser fritidsklubb på Sand?
Det er ikkje nok å etterlyse eit tilbod og klage over manglande tilbod. Ein må faktisk nytte seg av tilboda også, ellers forsvinn dei.
uF(F) har vore arrangert i ca 6 månadar. Neste uF(F) blir nokså sikkert avlyst. Det er to vaksne på jobb den kvelden. To personar i 5 timar er ein utgiftspost for eit pressa kulturhusbudsjett. Så derfor vil dette tilbudet gå ut.
Vel er det mange ting som skjer i helgene. Men rart er det at ingen finn tid til å henge rundt på eit flott kulturhus. Min teori er at dei ikkje orkar å flytte seg or sofaen der dei har alle vennene på facebook. Det kunne vore ein ny oppleving å gå ut og treffe vennene "live".
Alle vil ha, og alle skal få! Men fritidsklubbane kjem ikkje heim i sofaen og underheld.
Her ser de info om neste uF(F):
Fredag 20. april
kl. 18.00 - 23.00
i kulturhuset
uF(F)
Denne kvelden har Kulturhuset ope for kino og bowling. Satsinga er retta mot
ungdom i alle aldrar, men
særleg mot skuleungdom.
Kino kl 21.00 Battleship
Premiere! Obs 15 års
grense