mandag 19. mars 2012

UFF å UFF!

Politikarane våre vil satse på ungdomsråd att. Det var ungdomsråd for nokre år sidan, men det brann vel ut etterkvart som den aktive ungdommen flytta ut. Nå vil politikarane jobbe for å få det til på nytt. I den forbindelse har Suldalsposten tatt ein spørjerunde blant ungdommen for å høyre kva dei meiner om dette, og kva det må takast tak i.

Ungdommane er positive til dette og gir eksemler på kva dei ønskjer: Dei ønskjer seg meir aktivitetar på kveldstid. Ein plass å opphalda seg fredag- og laurdagskveldar. Dei vil ha fritidsklubb på Sand.

Då byrjar det å svive i mine små grå. Har dei ikkje fått med seg at dette har dei allereie? Fargeriet har hatt fredagskafe for ungdom lenge. Tunet eksisterar vel ennå? Det er ungdommen sitt eige hus. I tillegg har Kulturhuset uF(F)- kveldar ein fredag i månaden. Dette tilbudet har kulturhuset sett i gong etter ønskje frå politikarane.


 
Dette kan du gjere på uF(F)


På uF(F) kan du bowle, spele biljard, eller henge rundt, utan at dei vaksne legg seg opp i det. Det er kino.Det er vaksne på jobb, men ungdommane har frihet under ansvar.


 
Dette kan du og gjere på UF(F)


Men kor er ungdommen?  Det er frå 0 til 6 ungdommar som frekventerer Kulturhuset desse fredagane. På fredag var det Noregspremiere på filmen "Hugo Cabret"... med 5 ungdomar i salen.

Då er spørsmålet: kor er ungdommen som etterlyser eit tilbod om å henge rundt ute i helgene? Kor er ungdommen som etterlyser fritidsklubb på Sand?

Det er ikkje nok å etterlyse eit tilbod og klage over manglande tilbod. Ein må faktisk nytte seg av tilboda også, ellers forsvinn dei.

uF(F) har vore arrangert i ca 6 månadar. Neste uF(F)  blir  nokså sikkert avlyst. Det er to vaksne på jobb den kvelden.  To personar i 5 timar er ein utgiftspost for eit pressa kulturhusbudsjett. Så derfor vil dette tilbudet gå ut.

Vel er det mange ting som skjer i helgene. Men rart er det at ingen finn tid til å henge rundt på eit flott kulturhus. Min teori er at dei ikkje orkar å flytte seg or sofaen der dei har alle vennene på facebook. Det kunne vore ein ny oppleving å gå ut og treffe vennene "live".

Alle vil ha, og alle skal få! Men fritidsklubbane kjem ikkje heim i sofaen og underheld.

Her ser de info om neste uF(F):


Fredag 20. april 
kl. 18.00 - 23.00 
i kulturhuset
uF(F)
Denne kvelden har Kulturhuset ope for kino og bowling. Satsinga er retta mot 
ungdom i alle aldrar, men 
særleg mot skuleungdom.
Kino kl 21.00 Battleship 
Premiere! Obs 15 års 
grense

6 kommentarer:

  1. the librarian bitch19. mars 2012 kl. 09:45

    Takk!!!

    SvarSlett
  2. Må jo forsvara 4H ungdommane litt, desse UF(F) kveldane har klaffa nåkre gng med medlemsmøte og turar - men kor dei andre blir av veit eg ikkje.. Men trur dei ønsker ein plass der dei kan få høyra musikk og kanskje dansa og!!

    SvarSlett
  3. Vil ha Tunet som møteplass. Stor plass, kan hørra høg musikk og møtast i helgene !

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Anette!
      fint at du lese, og svare. :) Ja, Tunet har me hatt i "hundrevis" av år. Og det held nok lenger, men dåkke må bruke det og.

      Når Maren var tenåring var det av og til arrangement, disko og skumparty.
      Når eg var tenåring var det haustfestar, dans annakvar laurdag og diskotek midt i veka.

      Då mor var ung var det festar, dans, foredrag og revyar.

      Som du ser går aktiviteten nedover. Tunet er som 4H, dåkke kan styre sjølv.:)

      Slett
  4. Det er styret i ungdomslaget som styrer Tunet Liv, og dei begynne å bli "vaksne", og kanskje reist vekk - og har ikkje tid. Så ein bør absolutt ta ein prat med fks Ola Hauge og høyre ka ein kan gjør. Usikker om det blir skumparty meir, det slite visst.. Joachim og ein gjeng pussa jo opp for nåken år sidan, isolerte, skifta toalett ++++ så det er synd det ikkje vært brukt meir. Når eg gjekk i 8 og9 klasse (som tilsvare 9 og 10 klasse i dag), LEVDE me for fritidsklubben kvar tysdag... Treffe venner, tatle, danse og ha det kjekt i lag!!

    SvarSlett
  5. Husa Bustadhålå, eg . . .

    Og Tunet, sjølsagt :)

    SvarSlett