søndag 18. mars 2012

Noreg i raudt, kvitt og blått!

Me lever i ei uroleg verd. Til ei kvar tid er det mange krigar på gong rundt om i verda. Det er borgarkrigar, terror og opptøyer.  Kvar dag slår det mot oss frå aviser, TV og radio. Det går meir eller mindre inn på oss, helst mindre.

Men sjølv i vårt "annerledesland" blir me merka. Nå står me framfor ei stor og langvarig rettsak. 22. juli vart vårt glansbilete sundrive. Me kunne ikkje lenger sei at slikt ikkje kan skje her. For det skjedde, og me var ikkje førebudde. Mange etatar må ta ein runde med seg sjølv etter dette. Men ein ting håpar eg ikkje blir endra:. Eg håpar me ikkje blir knebla i redsle.

Eg håpar at Statsminister Stoltenberg får rett i at me framleis skal møte redsla med meir openheit. At alle framleis blir møtte med eit ope sinn. At me ikkje blir redde dei som er annleis. 


                                                             (foto AH)
La oss framleis ha eit lite land der alle kan gå i fred. La det vere slik at alle kan gå på tur i marka og treffe på statsministeren, og få slå av ein prat. La dei få sitje på fanget hans anten dei vil eller ikkje som denne litle guten.




La oss framleis ha eit land der ein liten Olemann med aner frå Kvamen kan slå av ein prat med han som styrer i landet utan at å vere omgitt av livvakter med skarpladde gevær.

På ein søndag høver det å sitere songen frå barndommen:


 JEG FOLDER MINE HENDER

Jeg folder mine hender små
i takk og bønn til deg.
La alle barn i verden
få det like godt som jeg.

Vern alle med din sterke hand
mot fattigdom og død.
Og hjelp små barn i alle land
så ingen lider nød.

La ingen krig og sult og sott
få gjøre oss fortred.
La alle leve trygt og godt
i frihet og i fred.

Torbjørn Egner


Hurra for landet vårt!

2 kommentarer: