mandag 30. januar 2012

D e kje greit å vera foggel i dag

I Helga var den store fugleteljinga i gong igjen. Alle fugler små de er skal teljast slik at dei kjem i Hagefuglmanntalet.  Heile Norden er med i denne fugleteljinga. Fuglane skal teljast i vår eigen hage. Det er ikkje så farleg om dei fyk over til naboen, då kan han telje dei også.

Men kor er fuglane? Ikkje ein einaste fugl fann eg i hagen min. Eg lurte blikket over til naboen utan å sjå nokon der heller.  Kor er Markus Trost som fyge øveralt?  Har han frøse i hel, eller har gassar og røyg, eller krig og larm gjort det ugreit å vera foggel i dag?


Dompap
20 000 slike finns rundt om i hagane, men ingen i min

Nå må eg nå innrømme at sjukdom har gjort  slik at mykje av fuglematen ligg lagra innomhus. Men meisebollene heng nå ute. Der heng dei heilt i fred. Ikkje ei Meis å sjå. Kanskje dei ikkje likar å bli talde. Eg syns eg høyrer dei:  "Hjelp hjelp, nå tel ho meg og!"

Til og med Skjorene har forlate meg. Dei som alltid irriterte meg når eg skulle kvile. Kor er dei blitt av?

Skjære (Pica pica)
Det seiest at rottene forlet det synkande skipet. Men kva skal me sei når skjorene forlet hagen?

Eg lurer fælt på kor fuglane blir av. Under meisebollene mine er det eit kattespor i snøen. Den einslege katten kan vel ikkje ha skremd alle fuglane vekk, ei heller skjorene. Korleis er det i dykkar hagar? 
Finns ikkje Markus Trost lenger?


Her er Hagefuglsida:
http://www.fuglevennen.no/

fredag 20. januar 2012

Olaug Hauge til minne


Så var dagen og timen komen. Eit langt liv er over. Olaug Hauge, fødd Risa, gjekk ut or tida og me har mista ein kjær person i bygda. Det var ikkje uventa, men likevel  er det vanskeleg å tru at Olaug ikkje skal vere her lenger.

Olaug og Torger på Haua var mor og far sine beste vener. Dei fann kvarandre ofte i godt lag. Mor og Olaug arbeidde saman på sjukeheimen. Hadde me ærend på Sand var me ofte innom Haua på vegen heim. Eg tykte alltid dei var gilde å vere i lag med.

Olaug vaks opp i ein lærarheim. Gamleskulen på Sand var heimen hennar. Begge foreldra var lærarar. Risa har vore eit kjend lærarnamn i fleire generasjonar. Det var ein god ballast å ha med seg i livet. Sjølv vart ho sjukepleiar, ein jobb ho passa godt til. Ho var styrar på Hiimsmoen aldersheim. Ein flott gamleheim der dei gamle gjorde det dei ville. Der nokon slo gras, mens andre låg i telt. Ho var styrar i den tida me fekk ny sjukeheim på Sand. Ho hadde eit stort ansvar som styrar under flyttinga, og var den første styraren på den nye Suldal sjukeheim.

Då eg hadde min første sommarjobb på Hiimsmoen tok Olaug godt i mot meg. Eg hadde sprunge rundt i gongane på Hiimsmoen frå eg kunne springe frå garden, men det var annleis å plutseleg vere tilsett. Då var det godt å ha Olaug til å hjelpe meg i gong.

Olaug var eit ualminneleg fint menneske. Aldri høyrde nokon henne sei eit vondt ord om nokon.  Ikkje ville ho høyre slikt heller. "See no evel, hear no evel, speak no evel";  Den japanske gyldne regel var hennar leveveg.




DSC01598
Frå eit selskap på Hiim

Då mor feira året sitt med vennene sine sat Liva tilbords med dei. Etter ei tid kom ho ut på kjøkkenet til meg. Ho spurde meg kor gamle desse gjestene var, for ho trudde dei tulla med henne. Dei hadde sagt dei var mellom 80 og 90 år. Ho var sikker på at ho var utsett for ein spøk. Ho meinte gjestene var altfor ungdomslege til å vere så gamle. 





Frå farne tider. Olaug og Torger Hauge på bygdakveld på skulehuset  i Mo.

Siste gong eg drakk kaffi på Haua vart eg sitjande mykje lenger enn eg hadde tenkt. Me fekk ein god samtale. Me var innom mongt og mykje. Olaug skulle på sjukehus neste dag. Der vart ho verande ei tid. Ho var sjuk. Sjukdom hadde ho slite med i mange år, men var likevel så full av livsgnist. Noko av det siste ho sa til meg var:  " Me vil så gjerne leva."

Eg har mange gode minner frå oppveksten, og som vaksen. Minner frå kvardag og fest. Eg skal hegna om minna.

I dag skal me følgje Olaug til grava. Fred over minnet!