mandag 30. januar 2012

D e kje greit å vera foggel i dag

I Helga var den store fugleteljinga i gong igjen. Alle fugler små de er skal teljast slik at dei kjem i Hagefuglmanntalet.  Heile Norden er med i denne fugleteljinga. Fuglane skal teljast i vår eigen hage. Det er ikkje så farleg om dei fyk over til naboen, då kan han telje dei også.

Men kor er fuglane? Ikkje ein einaste fugl fann eg i hagen min. Eg lurte blikket over til naboen utan å sjå nokon der heller.  Kor er Markus Trost som fyge øveralt?  Har han frøse i hel, eller har gassar og røyg, eller krig og larm gjort det ugreit å vera foggel i dag?


Dompap
20 000 slike finns rundt om i hagane, men ingen i min

Nå må eg nå innrømme at sjukdom har gjort  slik at mykje av fuglematen ligg lagra innomhus. Men meisebollene heng nå ute. Der heng dei heilt i fred. Ikkje ei Meis å sjå. Kanskje dei ikkje likar å bli talde. Eg syns eg høyrer dei:  "Hjelp hjelp, nå tel ho meg og!"

Til og med Skjorene har forlate meg. Dei som alltid irriterte meg når eg skulle kvile. Kor er dei blitt av?

Skjære (Pica pica)
Det seiest at rottene forlet det synkande skipet. Men kva skal me sei når skjorene forlet hagen?

Eg lurer fælt på kor fuglane blir av. Under meisebollene mine er det eit kattespor i snøen. Den einslege katten kan vel ikkje ha skremd alle fuglane vekk, ei heller skjorene. Korleis er det i dykkar hagar? 
Finns ikkje Markus Trost lenger?


Her er Hagefuglsida:
http://www.fuglevennen.no/

4 kommentarer:

  1. herlig:)
    Kjempe koselig å lese det du skriver.

    SvarSlett
  2. Eg har 2 katter , og MASSE fugler i syrintreet mitt . Der heng heimelaga meiseboller, kjøpe meiseboller, skjeva og fuglefrø... Men, eg talte dei ikkje denne helga.. Meisebollen din er sikkert inntørka;)(ell klissblaut, då ete ikkje "mine" fuglar an..)

    SvarSlett
  3. godt å sjå deg skriva igjen,Liv :) klem navnasøster i aust

    SvarSlett
  4. Om fuglane er borte, er det god trøyst med livsteikn frå Liv!

    SvarSlett