torsdag 12. april 2012

Å leggja om

Eg lærte ein gong på eit foredrag at alle jobbar og saker ein tar i mot er ein apekatt som set seg på skuldera di. Det er om å gjere å gi den tilbake, eller vidare. Når ein kollega kjem og spør om hjelp, skal ein gi råd om korleis dei kan gjere. Då gir ein apekatten tilbake.  Ofte tek ein over og seier: "eg kan ordne det".  Då har du fått apekatten på skuldra. Etterkvart kan det bli både to og tre apekattar som balanserer på skuldrene.


Tenk deg at dette taket er skuldra di. 

Eg fekk erfare korleis det er å ha ein heil zoologisk hage på skuldrene. Eg vart sjuk. Då blei alt slitsomt. Det som før var kjekt, vart uoverkommeleg. Det drog meg ned. Frå å vere aktiv midt i livet, heldt eg på å drukne midt i livet. Dagane var noko som berre måtte overlevast. Ikkje ein gong bloggen min orka eg å skrive i. Å gå på kino..., å vere sosial.....  Det høyrde til ei anna verd. Eg sov og sov, åt, gjorde det eg måtte, sov, åt og hjalp ungane med deira saker, så sov eg igjen.

Eg måtte ta nokre val. Skulle eg gjere ingenting, ete og sove, eller skulle eg leggje om og rydde i livet?
Eg byrja å rydde. Eg la om kursen. Nå trekkjer eg meg ut av alle styre og verv. Når ein har overskott er det gildt, men når det tek all energien, er det ikkje ok lenger.

Trøtt i tryne

Tenk, i dagane etter at eg kasta handklede og apekattar frå meg var eg vaken frå kl 08 til 23.00!!!  Kanskje var det alle apekattane eg hadde gitt bort som som nå gjer livet lettare? Kanskje det hjelper å leggje om?

Den som lever får sjå!

Her er det ein som visstnok har vore på same kurs som eg og lært om apekattane:
http://www.leveraas.com/2010/10/hvem-sin-apekatt-er-dette/

2 kommentarer:

  1. Så sant som det er sagt... Når ein e kronisk sjuk har ein tillegg ein apekatt som er sydd fast i ein, og som ein aldri blir kvitt - og då e det om å gjere å kvitte seg med dei apekattene som sit litt lausare.. Om dei uten apekattar forstår når me levere dei vidare? Tja....

    SvarSlett
  2. Så sant, Anne! Me søstre i smerten skjønar dette ;)

    SvarSlett