onsdag 21. september 2011

Å lesa om Noreg i Bulgaria

Når ein er ute og reiser er det kjekt å treffa på kjende. Fer ein utanlands, som til Syden, er det sjeldnare å treffe på kjende. Og enda sjeldnare er det at inkvan veit noko om vårt land. Dei kan gjerne nokre gloser som fiskeboller, eller Baccalao. Kanskje dei veit det er kaldt der, men så så er det slutt på kunnskapen.

Noreg brukar store summar på reiseliv. Det er om å gjere å marknadsføre seg for å få tak i turistar. I sommar, då eg var i Bulgaria, opplevde eg at Reiselivs-Noreg nådde fram med sitt bodskap;

 P1010033
Eg visste ikkje noko om dette før midskillet var blitt breiare enn breiast. Tilslutt var det inga råd. Eg kunne ikkje venta til eg kom heim til Wenche. Ungane ville ikke bli sett ute med meg, så eg gjekk til frisør.

 P1010185
Me gjekk til Sveti Vlas, ein bitteliten landsby omlag som Sand. Midt i byen er den gamle brunnen gjort om til fontene. I denne parken sit dei innfødde om kveldane og kikkar på turistane som hastar til og frå.  

Der fann eg ein frisør som hadde tid, og skjøna kva eg ville. Sidan eg ikkje kunne drive "small talk" med frisøren, grabba eg eit bulgarsk blad og byrja å bla i det. Og kva fekk eg vel sjå;


 P1010188
Her i bladet " Beauty"  var det tre fullpakka sider med stoff frå Noreg. Det tok for seg fjord- Noreg og fjell- Noreg frå sør til nord.


 P1010189
Eg hadde øvd på alfabetet så eg var stolt over å finne stoff om Flekkefjord, Bergen, Preikestolen, Fleire fossefall, Trondheim osv. Det tok for seg Stavkyrkjer, norske troll og Finnmarksvidda. Meir klarte eg ikkje forstå. Men såpass forstod eg; dette var godt marknadsføring!

P1010191
Eg fekk sei til alle i salongen at der kom eg frå, og at dei burde absolutt ta seg ein tur dit.  Som de ser så har midtskillen krympa saman att.

Dagens kviss: kvifor måtte eg øve på alfabetet?

4 kommentarer:

  1. the librarian bitch21. september 2011 kl. 08:08

    Fordi Bulgaria køyrer med det kyrilliske alfabetet (det gjer dei ikkje i Romania)Og som residenseigar i Bulgaria kan det vera lurt å ha litt greia på bokstavane.

    SvarSlett
  2. Slik at du kunne bokstavane , og kunne lesa td. skilter

    SvarSlett
  3. jepp the librarian bitch er dagens vinnar Gratulerer!

    SvarSlett
  4. the librarian bitch21. september 2011 kl. 11:37

    Det var meste så eg lurte på om det var eit lurespørsmål
    Og ja - då eg såg det bildet,så kan eg godt forstå at ungane ikkje ville gå ut i lag med deg. Får vera måte på midtskill ... he, he, he..

    SvarSlett