torsdag 1. september 2011

Blått lys for Suldal skattekontor

Eg har skrive eit par innlegg på bloggen min om det litla skattekontoret me har, som staten ikkje unner oss. Det meste av offentlege kontor blir nedlagt. Kvardagen vår bli veldig upraktisk når me må reise fleire timar for å ordne småting. Eg laga ei Facebookside der folk kan engasjere seg, eller rettare sagt  Wonderwoman hjalp til meg å lage facebooksida.


Til forsiden på Skatteetaten

Skatteetaten vil leggje ned alle kontor med færre enn fem tilsette. Dette er noko dei har fått lov å bestemme frå dei som verkeleg bestemmer: staten. Det er visst lenge sidan våre valde representantar ga opp desentralisering som arbeidsmal.

Tidlegar skulle det vere skattekontor i kvar kommune. Kor er de, politikarar?  Kva har de gjort, eller ikkje gjort sidan i vår då Suldalsposten skreiv om dette sist?

Dei tilsette har ikkje lov å uttale seg. Som alle statstilsette får dei taleforbod og korg kring munnen når det gjeld negativ, eller kristisk omtale av etaten.

Underdirektør Idsøe i skatt vest seier dei har lagt opp til lik behandling i heile landet. Men lik behandling blir ikkje automatisk likeverdig behandling.  Bonden på Jæren kan køyre til Stavanger og heim att innan eit par timar mellom fjostid. Bonden på Nes må stå opp i otta, bruke heile dagen, og i tillegg ha avløysar for å nå det same kontoret. Er dette lik behandling?

Her sit ein bonde og tastar eit av 5 valg for hjelp. Før han har fått kontakt har kontoret stengt.

Sidan me snart skal ut og stemme på dykk, kjære politikarar, så trur eg mange forventar litt action her.

Berre for å presisere; eg er ikkje sponsa av likningskontoret! Dei går tvert imot mine krav og ankar, og er dyre for meg.  Men likevel meiner eg me treng dei!

Dagens kviss: Kor mange er tilsett ved skattekontoret på Sand?


5 kommentarer:

  1. the librarian bitch1. september 2011 kl. 08:03

    Jada, Anne Karin Berget, Sigstad og ein te

    SvarSlett
  2. Anne Gratulerer som dagens vinnar!

    TLB Han ,ein te, er Havrevoll ovante Juvå. Tenk det visste du kje!, men du har vel kje vore lenge nok på Osen, elle så har han kje lånekort ;P

    SvarSlett
  3. the librarian bitch1. september 2011 kl. 10:05

    Såg han i aviså i går, men SP låg på enden av bordet og eg gadd ikkje strekka meg itte na :-)

    SvarSlett
  4. haha, d e den dårligaste unnskyldningen på lenge ;)

    SvarSlett