fredag 16. september 2011

It`s raining money


I`m singing in the rain!

Det har vel regna i samfulle to månadar snart...  Eller er det berre i hovuda vårt det har gjort det? Magasina er fulle. Hiimsvatnet renn snart over. Slik er det vel overalt no. Regnmålaren vår renn over kvar dag og er ikkje berekna for så store nedbørsmengder som me har nå. Men får me billigare straum?  Nei, langt ifrå. Me får derimot dyrare straum. Og kvifor får me det?  Jo, fordi staten skal eksportere meir straum til utlandet.

Staten sel unna meir enn himmelen gir oss. Derfor blir ikkje magasina så fulle som dei skulle ha vore.  No er staten litt bekymra for det er regn og vind i Europa, så dei får ikkje selje så mykje dit. Kva med å la oss få billigare straum då?


Stadig like forvirra? Det er eg og. Her blir det hausa opp om straumkriser og tomme vassmagasin. Me må spare straum, og straumen blir dyrare fordi den er mangelvare. Så kjem regnet, som det alltid gjer. Kva skjer?


Jo, straumen blir dyrare. Ein skulle tru at når magasina blei fulle skulle prisen gå ned. Det er jo slik me har lært at marknadskreftene virkar: Tilbod og etterspørsel styrer prisen.

Her fer krafta vår utanlands.

Men når me får vatn i magasina, sel staten straum utanlands. Då er me like langt.  Så, vatn eller ikkje, straumen blir like dyr!

Me har olje og dyr bensin. Me har vatn og dyr straum. Er me ikkje heldige vel?

Les og bli klok:
http://www.tu.no/energi/article289033.ece

Dagens kviss: Kva er rekorden for straumeksport nokonsinne?

2 kommentarer:

  1. the librarian bitch16. september 2011 kl. 11:21

    617 GWh i veke 27

    SvarSlett
  2. jøss, TLB sko tru du hadde svelgt NVE si loggbok! Gratulerer som dagens vinnar!

    SvarSlett