fredag 9. september 2011

Kyrkjeval 2011

I år er det kyrkjeval att. I 2009 var det første gong eg gav mi stemme i eit kyrkjeval. Eg hadde tenkt på det før og, men det har vore for utilgjengeleg å stemme. Først måtte ein gå på gudsteneste, så var det kyrkjekaffi og val. Tenk då å ha ei meining, men ikkje vere "kristen nok".


Eg stemmer for å få ei slik kyrkje her.

Derfor er eg glad over nyordninga som kom. Kyrkjevalet blei lagt til eit politisk val. Eg trur det var slugt å gjere det. Det viste valdeltakinga i 2009  Den auka fleire prosent.


Kyrkja ho er eit gamalt hus..

Dette valet blir viktig. For dei som me stemmer inn, skal vere med å vurdere statskyrkjeordninga. For å få fram meininga di, stem på den som meinar det same som deg.
Fleire nye liturgiar skal tas i bruk. Dei som blir sitjande no får vere med å bestemme forholdet mellom kyrkje og stat. Det er viktig det.

Likt som kommune- og fylkestinget er på val same år, er også menighetsråd  og bispedømmeråd på valg samstundes. Det er ingen frå Suldal som står som kandidat til bispedømmerådet. Der har me forsømt oss.

Men me har Tor Olav Varhaug på prestekandidatlista.  Eg har det ikkje heilt for meg om me kan stemme på lærde, eller om kun leklista er for oss?
Hugs; me kan endre her og. Kryss i ruta gir ekstra stemme.

Og hugs, du treng berre vere 15 år for å få stemme her.

Dagens kviss: Kva er neste linje på songen under bildet av ruina?

6 kommentarer:

  1. eller på bokmål: står om enn tårnene faller.... ;)

    SvarSlett
  2. Du kan di salmebok ;) Gratulerer! Få som våga seg på denne:)

    SvarSlett
  3. ja, Anne,
    rett det også. Men det var langt frå synkroniseringa i dag :P

    SvarSlett
  4. Stemm på nåken som får kyrkja til å henga litt med i tidå, så får hu kansje fleire tillhengerar og!

    SvarSlett