søndag 25. september 2011

Suldalporten

Det skjer igjen i Suldal! Stadig kjem kreative folk på nye ting å gjere her inne i fjorden. Dei startar bedrifter, butikkar og kafear. Det siste er ein ny nettportal. Suldalsporten. Eit godt namn når me ser kva dei tilbyr.

Det er mange nettsider i kommunen der bygdelag marknadsfører seg. Kommunen har, idrettslaga har, sogelaget har, halvøyna har , Erfjord har...  Ja, dei fleste er på nett. Men finn me dei?  Det er ein haug med sider ein skal navigere seg gjennom for å bli oppdatert. Då er det ofte lett på gløyme sider ein kanskje vil følgje med på.

Nå har tre ivrige menn starta ein privat nettportal der alle lag og organisasjonar kan registrere seg. Då slepp ein lettare unna. Alt nå hentar dei inn nyhende frå 30 lokale nettsider. I tillegg hentar dei inn nyhende frå Suldal.  Til dømes kunne me etter få timar lese om innbrotet på Sand i natt.

Det er http://suldalfoto.no/ som står bak portalen. Og Suldal foto er: Kjetil Brekke, Jarle og Vidar Lunde.  Då veit me også at det blir knakandes gode bilder å sjå.


Suldalsporten_240x161px
Bilde frå nettportalen.

Her er linken til nettsida:
http://suldalsporten.no/

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar