mandag 12. september 2011

Stem i vei

I Suldal kan me velge mellom Høgre, Venstre, Fremskrittspartiet, kristeleg folkeparti, Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk venstreparti.

Valget kan vere vanskelig. "Vinglar ein, kan ein stemme Venstre," sa ein i gamle dager. Det var noko eg likte godt. Eit godt parti for folk som skiftar meining gjennom livet. Dei har gått for eit nytt fjes på toppen: Eskil Nerheim. Ein ung og pen mann kan aldri bli feil.

Eskil Nerheim
Venstre har som mål å få 4000 innbyggjarar att. Då nyttar det ikkje å vere ute og reise. Kom heim og gjer din del av innbyggjaraukejobben!

Fleire parti har kvinnetoppar. Er det noko for deg, så nytt høvet. Ein kan også føre opp folk frå andre parti på setelen. då får dei "slengarstemmer."

Nå er det best me har tunga rett i munnen og hovudet kaldt. Kva gjorde desse partia godt, og kva gjorde dei gale sist periode. Galne val som me kan minne dei på.

Dei me vel skal styre samfunnet vårt i den retninga me vil. Dersom me ikkje stemmer kan me heller ikkje forventa samfunnet skal bli slik me vil. Det hjelper ikkje å sitje i sofaen og klage.

Når de legg stemmesetelen i skrinen, ta ein kikk på det. Dette skrinet er gamalt. Det har sikkert vore brukt i val av besteforeldra dykkar.  Studer det! Det skal sikkert snart bytast ut med eit EU godkjendt valskrin..

Dagen kviss:  Kva tid vart parlamentarismen innført i Noreg?

8 kommentarer:

  1. Blei gradvis innført av Venstre fra 1884, men ble formelt ikke innført før 2007

    SvarSlett
  2. ÅÅÅ d sko eg svara :)

    SvarSlett
  3. Sorry..... I dag klarte eg endelig å karra meg opp te kvissen!!

    SvarSlett
  4. Ja, da må du sove leenge, kvar dag...;)

    SvarSlett
  5. Gratulerer Anne. Du er dagens vinnar! Håpar han innante har førehandstemt viss an har ferie nå:)

    SvarSlett
  6. Eg kjem då heimom til jol!

    SvarSlett
  7. Stemte eg ja:) Men, nå er eg meir eller mindre tilbake!

    SvarSlett