mandag 5. september 2011

Lang og lenger skuleveg

 I vår fekk me som har ungdomsskuleelevar vite at ungane frå halvøynå har unødig lang reisetid.  Dette vart tatt opp på foreldremøtet og eg trudde beintfram det var gjort noko med det. Så les eg i Suldalsposten at elevane reiser langt og lenger for å komme til skulen.

Frå Vormestrand til Ropeid brukar dei omlag 75 minutt ! Dette fordi elevane må stå å vente på ferja i ca 15 minutt. Det er Tide og Kolumbus som styrer dette. Og det er altfor komplisert for dei å leggje om rutene slik at elevane slepp å stå å hutre på venterommet. Ordføraren vår har bede Kolumbus om å korte inn på reisetida for ungdomsskuleelevane.


Desse likar å vere ute i tide...

Kolumbus seier dei ønskjer ikkje å setje inn ekstra skyss for elevane. Dei har så mange å ta omsyn til. Så hiv dei ballen tilbake til politikarane og seier at dei visste dette før samanslåinga av ungdomsskulen.

Ønsker ikkje, vil ikkje, har ikkje lyst! Kva slags kommunikasjon er dette? Jo det er Kolumbus, oppkalla etter ein mann som ikkje fann vegen han skulle fare. Ikkje fann han plassen han skulle til heller...



Kva tid vart det busselskapa som skulle styre kvardagen til ungane våre? Tidlegare hadde fylket klare reglar på borna si reisetid, delt inn etter kor gamle dei var. Aldri skulle dei ha opptil 75 minutters reisetid kvar veg. Er det regelverket parkert nå?

Ordføraren meiner elevane bør gå føre andre reisande. Det er eg einig i. Han ønskjer kortare reisetid for elvenane frå halvøynå. Det blir feil. Det skal ikkje vere eit ønskje, men eit krav!


Her er det mange bussar å sette inn...

Kva seier politikarane, i valkampen, om dette?  De som ville ha felles ungdomsskule; ikkje svikt elevane! Stå på og få dette endra!

Dagens kviss: Kva heiter direktøren i Kolumbus, og kor er han frå?

11 kommentarer:

  1. Leif Malvin Knudsen, rogaland

    SvarSlett
  2. the librarian bitch5. september 2011 kl. 08:07

    Der va han innante hakket kjappare enn meg. Men Aksland burde nok ha skåre igjønå i denne saka, så møkje så han har budd i Suldal

    SvarSlett
  3. Korrigerer meg litt: Odd Harald Aksland er det korrekte navnet.

    Trur han stammer frå Lagarhus og.

    SvarSlett
  4. the librarian bitch5. september 2011 kl. 08:22

    Forresten så tar du litt feil med dette med hutringa, Liv. Ungane har jo eit storslått venterom på hisia. Så storslått at det er nemd i japanske arkitektmagasin! For å verkeleg skjøna dette, så burde dei fått dobbelt så lang ventetid og så kunne dei hatt god tid på å høyra på "hviskningar och rop" frå taket. Dersom det hadde vore liv i installasjonen då :-P

    SvarSlett
  5. JA Odd Aksland er rett, men eg vil nå sei det så sterkt at han er Osabu. TLB var inne på det, men det er dette med å avgi svar. det er noko de aldri lærer.

    Det er sant Aksland som er særs kjend med kommuniksjonen her burde ha skore gjenom. Han som har vakse opp på Osen og sjefa i Billaget i fleire år!

    Er du inne på Slekt, Han innante? Slikt imponerer!

    TLB, visst er det storslått. Det er berre me som ikkje sjønar det :)

    Eg har nå sote der og hutra av kulde på ei isblokk av ein benk mens eg vart tungpusta av alt det lause sementstøvet som svevde rundt i den ypperlige arkitetkuren og livredd for dei som sat i mørknå i andre endren og skravla :P

    SvarSlett
  6. the librarian bitch5. september 2011 kl. 09:46

    Eg var ikkje heilt sikker på kor mykje innfødd han var. Han kunne jo ha kome t osen i 3års alderen!

    SvarSlett
  7. Venterommet på Ropeid er en farse for seg sjølv..
    Elevane vil ikkje bruke det, det er kaldt der, isblokka dei ska sitte på e enda kaldere, toalettet er iskalt og ofte nedgriset... Fysj..

    Sløsing av peng... Lure på om dei bygde det pga arkitekturen og ikkje at det faktisk skulle gjere nytte for seg....

    SvarSlett
  8. Lika mykje sløs som det er med brua over Høse, og Sandsfjorden... Då er jo i tillegg dette bereømta venterommet på Ropeid aldeles malplassert...

    SvarSlett
  9. the librarian bitch5. september 2011 kl. 11:24

    Lurar på om ikkje me i Nordenden bør begynna å marknadsføra Ropeidkaien for bobilturistane snarast? Om nokre ganske få år så står jo framleis kaien der og dei har eit fasjonabelt venterom som dei kan beundra og gå på do i. Stort og romslegt er det jo og bygd i lite brennbart materiale, så det ekje møkje føre å fyra opp grillen onda tak :-)

    SvarSlett
  10. Lurer på om ikkje innlegget til TLB må sendast til Norsk bubilforening! Då vil bygget endelig komme til sin rett:)

    SvarSlett