torsdag 15. september 2011

Bru og veg, ikkje same sak?

Er det nokon som veit kva det heiter her?

Brua ingen vil ha har fått prosjektleiar. I Suldalsposten kan me lese at han heiter Knut Utaaker. Nå har jo eg vore klimaflytning heile sommaren slik at eg hadde ikkje fått med meg at inkvan var tilsett. Eg reiste or landet i den trua at ingen ville byggje brua.

Prosjektleiaren kan nå fortelje oss at rassikringa på Lovra blir forsinka. Meiner han Lovra, Lovraeidet, eller Hamraeidet?


Kan det vere slik det skal bli på Lovra?


Eg håpar vegvesenet veit kor dei skal sette igong utbetringar.  Ellers kan det vere at Lovradalen får fire- felts veg med brei gul midtstripe og lite gras å slå ...  Kven veit...


Eg har studert 3D aminasjonen til vegvesenet. Det ser ut som om me får endå fleire nye rasfarlege kilometrar å køyre.  Sjekk sjølv nederst på sida.


Dette er visjonen til dei fleste politiske parti i Suldal.


Suldal er rik på rasande steinar.

Iallefall seier prosjektleiaren at det ikkje har noko å sei for brubyggjestart. Brua blir bygd uavhengig av rassikring. Byggjinga startar ved årsskiftet seier han, og han håpar at rassikringa kjem igong nokolunde samstundes.



Ein rasande stein i vegen.

Eg er, som de veit midtilivet, og veit av erfaring at ting som ikkje er på plass til avtalt tid oftast ikkje blir det seinare heller...

Ver den første til å køyra den nye vegen:
http://www.vegvesen.no/Vegprosjekter/sandsfjordbrua/Illustrasjoner

Dagens kviss: Spørsmålet står under det første biletet.

13 kommentarer:

  1. the librarian bitch15. september 2011 kl. 08:04

    Vil satsa på Hamraeid eg

    SvarSlett
  2. Ikkje sei rett svar enda Liv, må vente å sjå om gubben vett kor det e ;)

    SvarSlett
  3. ps, er usikker på stavemåten - gubben gjekk å la seg etter svaret var avlagt!

    SvarSlett
  4. the librarian bitch16. september 2011 kl. 10:46

    Har kvissmasteren daua? Kven har rett?

    SvarSlett
  5. Tenkte nåken utante ville ha nåke di sko ha sagt her. Men dødt frå den sida. :S

    Ifølge Drange ser me Hamraeie. Sjekk stavemåten!

    Då er altså TLB vinnar og maen til Anne vett ikkje kor an brøytar, hehe

    SvarSlett
  6. kvissmasteren har kje daua, men d e like før ;)

    SvarSlett
  7. Flaks at han ikkje brøyte der då!! Nå ska eg gjere klar steikepanna og slå han hardt i hovudet for å sei feil svar på kvissen, neste gng ska eg finna det ut sjølv!!

    SvarSlett
  8. the librarian bitch16. september 2011 kl. 19:47

    E han ikkje enige i at du ska slå han hardt i håve m steikepanna?

    SvarSlett
  9. Haha TLB, der har han ikkje stemmerett. Han er kje enig at det er Hamraeie!!

    SvarSlett
  10. the librarian bitch17. september 2011 kl. 00:10

    Joda, det er ei utbredt misoppfatning at det heiter lovraeid der. Dette har det stått om i Suldalsposten. Og Drange skriv det og. I 17.maibloggen t kvissmasteren nemner ho og på Hamraeie.

    SvarSlett
  11. Nå lure eg på om ikkje nåken frå Lovra eller Hamra kunne uttala seg slik at Tron slepp å få steikepanna i hovudet!! :)

    SvarSlett