mandag 26. september 2011

Risa snur på flisa

Risa har sagt opp brøytekontrakten med kommunen. Argumentet for å bryte kontrakten er at det har vore for utfordrande å drive vintervedlikehald i Suldal. Det var store snømengder som kom på ein gong!, og skiftande værtypar! Hm, kor trudde Risa dei skulle brøyte? I syden?



Risa har lenge hatt økonomiske problem, seier pressa og folkemunnet. Etter finanskrisa la Risa AS inn låge anbod rundt om kring for å sikre seg kontraktar. Dei fekk kontrakt i Suldal også. Ikkje alle var glade for det. Det var nokon som sa til meg når dei høyrde Risa hadde fått kontrakt her; " Å skal Risa brøyte her, ja då håpar eg de har 4- hjulingar."


Foto SP
Me har hatt to harde og lange vintrar, men det er slik vintrane kan vere i Noreg. Ein kan ikkje leggje inn anbod og gamble på sommar-vintrar. Ein kan ikkje skulde finanskrisa for at det snøar i Ryfylke.



Me var godt nøgd med brøytinga me hadde. Så skulle kommunen liksom spare penger. Eg bur i Prestaåsen. Det er eit urbant byggjefelt. Vegen dit var mest uframkommeleg heile vinteren. Det var med livet som innsats å køyre køyre der. Ein måtte slå nyrebeltet om seg og snirkle seg oppå fortauet og utpå ekra for å unngå dei 30 til 40 cm djupe kratera  i vegbanen.


Brukeropplastet bilde
Det viste seg at skeptikerane fekk rett. Etter at Risa overtok ansvaret har det gått hardt utover bilparken i Suldal.

Eg og mange med meg fekk øydelagt understellet på bilane våre etter å ha bomma på kratera.  Min bil fek hol i eksosanlegget. Det kostar kr. 5 000 å fixe. Men trur de nokon vil fixe det. Eg har vore i komtakt med kommunen, brøytefirma og forsikringsselskap. Men, nei, dette må eg ta på eigen kappe fordi kommunen skulle spare pengar på brøytinga.


Neste bilde

Så eg håpar på ein betre vinterveg der det er dei som kjenner vegane, føret, og vinteren som brøytar.


Store mengder med snø må vekk (Foto: Christian Wiik Gjerde/NRK)
Får me det, og ikkje slike som kun tenkjer profitt til å brøyte, kan det godt snøa i veg....

Ha ein fin vinterveg!

Dagens kviss: Kven er vegansvarlig i kommunen?

5 kommentarer:

  1. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  2. Heilt rett, Anne. Du er dagens vinnar! Kun i konkurranse med deg sjølv;)

    SvarSlett
  3. Men eg vente fortsatt på svaret frå Salem Witch kvissen ;)

    SvarSlett
  4. ps. dessuten er/var det ikkje risa som har brøytinga i preståsen;)

    OG dei har berre hatt ansvaret for 2 kommunale veger som dei no har sagt opp - det er ikkje slikt at dei har styrt heile kommunevegene våre som folk trur(og som det kan oppfattast når ein les suldalsposten)

    SvarSlett