onsdag 7. september 2011

Val i Suldal 2011

Partia lovar, og lyg. Det veit me. Det er mange år sidan det vart lova einerom for eldre på sjukeheimane. Kva får dei, jo ofte eit bøttekott.

Suldal er ein god kommune å bu i, men det er mange ting som ikkje er som det skal vere her heller. Og me må vere klar og vere budde med lampene tende, for me veit ikkje dagen, eller timer når ein politikar snur i ei sak.


Ha politikarane i rampelyset. Det er mykje kameraderi i mørke krør.

Arbeidarpartiet lovar at alle bygningar og anlegg skal ha tilgjenge for alle, uavhengig av funksjonsnivå. Kva har dei gjort? Eg veit berre at Sand skule som er eit nytt anlegg stigmatiserer bevegelseshemma. Skal ein i andre høgda og må bruke heisen, som jo er installert, må ein først gå, hinke, krabbe, eller rulle inn på kontoret og be fint om at heisen kan låsast opp. Ein må passe på å avtale opplåsing når ein skal gå att også. For nøkkelen må stå i låsen under heisturen. Ein må også ha musklar for å få heisen opp. Ein knapp må trykkast inn under heile turen, ellers stoppar heisen. Tilgjenge?


Anne-Grete Strøm-Erichsen
Samhandlingssjefen

Ellers er arbeidarpartiet  ( Kari Gjuvsland og Odd hotvedt), og senterpartiet (Gerd Helen Bøe) som i eit lesarinnlegg, nemner den nye kommunehelselova som trer i kraft frå nyåret. Eg er spent på om dei andre partia er klar over det. I den såkalla Samhandlingsreforma skal pasientane ut av sjukehusa og tilbake til kommunen. Dette gjeld alt frå lårhalsbrot til hjerneslag.


Bønder har vore livgjevande i fleire tusen år.

Senterpartiet ved Ola Hauge er opptatt av variert landbruk. Utan landbruk, intet Suldal. Det er heilt sikkert, men kva kan politikarane gjere med det når fylkesmannen til dømes hindrar bøndene effektivt drift, som gardsdriftsopplegg med båt på Berakvam?


Hugs: maten blir ikkje fødd her.

Partia som vil styre landbrukskommunen Suldal, tek nokså lett på saka. Dei vil anten oppretthalde dagens nivå, eller så overser dei bøndene. Sjå dykk om; Gardane blir færre og færre. Er det dette dagens nivå me vil ha? Eit land der me nå leiger folk og fe til å skoge langs vegane slik at me har utsyn, og hindre gjengroing av beite.

Dette problemet slepp me i Noreg, så kvifor vil me ikkje ha bønder?

SV hadde også eit innlegg i Suldalsposten, men det stod på bokmål, så det las eg ikkje!!! Suldalsveljerar les og skriv nynorsk. Hugs det, Bersås!

        Om kommunestrukturen der folkets meining var klar meiner politikarane:

Senterpartiet: Døra på gløtt for fusjon. Har ordføraren gløymt kva han sa på kulturhuset? Folkets vilje var klar!
Krf: er opne for nye kommunegrenser. FY!!
Arbeidarpartiet og Høgre meinar ingenting!
Frp og Venstre er imot, men krev folkeavrøysting om det blir fusjonskrav.
SV er i mot samanslåing.  Det er bra, for me var veldig framsynte i 1964

Dette vil politikarane, men får dei det til? Me kan hjelpe dei ved å stemme på dei. Men har dei gjort seg fortent til vårt stemme?

Ha eit godt val!

Dagens kviss: Kven vinn valet?  Av naturlege årsaker blir vinnaren kåra etter valet ;)

4 kommentarer:

  1. Torkel Myklebust SP vert sitjande i stolen her i Suldal, men Kari Djuvsland AP pustar han i nakken!!

    SvarSlett
  2. the librarian bitch7. september 2011 kl. 08:39

    Eg er veldig samd med Anne her. Suldølen er konservativ og mange tykkjer me har det greit som me har. Torkel er t.d. for bru og det er veldig mange som klappar i hendene for brua. Ved dette valet skal eg stryka og kummulera som eg aldri har gjort før.

    SvarSlett
  3. Trur nok og at det vert SP med Myklebust i spissen, om ikkje ein del boikottar han etter skulesentraliseringa og flyktar over til AP...

    SvarSlett
  4. Eg har lagt inn retting i innlegget mitt. AP og SP nemner samhandlingsreforma.

    SvarSlett