tirsdag 13. september 2011

Kansellispråket lenge leve!

Kansellistilen var den måten det offisielle Danmark- Noreg ordla seg skriftleg. Trass lausriving og språkstrid lever framleis kansellistilen. Av og til er språket så høgttravande at det er uråd å skjøne kva som står.

Kansellistilen oppstod nok lenge før Danmark. Noreg. Men vår noverande kansellistil er basert på dansk. Kanselliet var fysisk der monarken held til. Oftast i ei borg, eller eit slott.  Kanselliet var eit kontor der kontoristar gjorde det kontoristar ennå gjer; opnar brev, skriv brev og avtalar, og kopierer desse. Det utvikla seg til ein eigen skriftform .

norske skillingsbrev


Wikipedia forklarar kansellistilen slik:

- Kansellistil er en språklig stil som kjennetegnes av en innviklet, vanskelig forstålig skrivemåte, preget av en tung, substantivisk uttrykksform, gjerne med bruk av omstendelige og snirklete setninger, og mange og lange setningsledd. Tidligere ble ordet brukt mer nøytralt om offentlig språkbruk, slik man finner i brev fra offentlig forvaltning eller forretningsbrev.-


Kanskje er det av og til bevisst å tåkeleggje meininga. Andre gonger er det viktig å bli forstått.

Jarle Tveit i Hamrabø har vore ute for kanselliet. Han søkte om å få byggje skogsveg. Han fekk avslag, men anka. Då avgjera kom var det plett umogleg å forstå kva som stod i avgjera. Fekk han byggje veg, eller ikkje?  Må han eventuelt søkje på ny, eller treng han ikkje det?

"Det er ikkje sjeldan at slike misforståingar oppstår," trøystar fylkesskogmeisteren i  Vest-Agder.

Kva med å skrive slik at folk forstår?

3 kommentarer:

  1. the librarian bitch13. september 2011 kl. 08:05

    Ein ska ikkje gjera det enket for folk flest. Då kan jo nokon tru at kven som helst kan få jobba med slike ting.

    SvarSlett
  2. Godt svar, Tlb! Du var den einaste som våga deg utpå. Svaret står til godkjenning. Gratulerer!

    SvarSlett
  3. the librarian bitch14. september 2011 kl. 07:59

    he, he, he.....

    SvarSlett