torsdag 8. september 2011

Valets kvaler

Politikarane satsar på korttidsminnet vårt. Valkampsopninga starta for ikkje så lenge sidan, og på første sida av Suldalsposten stod det: "Tid for å sjå framover."  Det er viktig i dei fleste sitauasjonar. Men når det gjeld politikarar er det viktigare for oss å snu på flisa; sjå bakover!


Ikkje greit å vere kar dersom politikarane serverer dette valflesket.

Politikarane lovar gull og grøne skogar, og valflesket dissar og glinsar av feite lovnadar.
Men kva hjelper vel det? Dersom me bit på agnet, er løpet kjørt. Då heng me der og kan ikkje anna. Då kan dei gjere som dei vil dei neste fire år, og love nye gull og grøne skogar neste gong også.


Desse beit på!

Sjå bakover! Kva har det partiet du vil stemme på gjort sidan sist? Har dei halde lovnadane sine? Kor mange brotne løfter ligg langs vegen deira frå sist val?

Gå inn i ditt minne. Sjekk gamle aviser, eller handsama saker i kommunearkivet. Oppsøk politkarane på stand i gata. Eller, og dette er viktig; gå på debattmøtet på:
                                       Kulturhuset i kveld kl 19.00
Så kan du gjere deg oppp ei meining.  Då kan du gjere eit val, eit godt val!

Vel rett!

Dagen kviss: Kven skal gje oss åndeleg påfyll på debattmøtet?

9 kommentarer:

  1. the librarian bitch8. september 2011 kl. 08:02

    Tja! Einar Olsen

    SvarSlett
  2. Suldal Kyrkjekor startar øvinga si i ikveld i Sand kyrkje - og då er det ikkje lange vegen te kulturhuset;)

    Og, trudde TLB var inhabil her, ho jobber der!!

    SvarSlett
  3. Ja, innhabilitet er skummelt... Særleg i politiske samanhengar som den kvissen må seiast å vera i dag... ;)

    SvarSlett
  4. the librarian bitch8. september 2011 kl. 09:48

    Vil nekta på det sterkaste at eg er inhabil i denne saka. Eg tok ikkje i mot bestillinga på rom i herberget. Eg visste det skulle vera møte i kveld, men har ikkje visst noko om det andelege innhaldet. Eg har lese annonsa i SP som alle dåkken andre. Så det så. Måkke komme her å komme her :-P

    SvarSlett
  5. javel... men e vel lov å prøva seg? ;)

    SvarSlett
  6. hehe. Det er alltid lov å prøve seg! ;) TLB er dagens vinnar. Gratulerer!

    SvarSlett
  7. Du vart 1 min for sein i dag , du innante!!

    SvarSlett