onsdag 31. august 2011

Foreningen for muskelsyke i Rogaland

Eg har vorte historisk. Eg har vore med å starta endå ein forening. Frå før har eg vore med å starte Foreldreforeningen for Hørselshemmede i Sør- Rogaland. Det var ein sosialpolitisk forening for foreldre som hadde døve, eller tunghørte barn. Seinare var eg med å stifte Suldal sogelag. Ei interesseforening. Nå er eg tilbake til sosialpolitikken.




Foreningen for muskelsyke har foreningar over det ganske land, men ikkje Rogaland. Dette vart gjort noko med 27. august. Eg har vore medlem i moderforeninga i rundt 7 år, og sit i valkomiteen. Men nå har me eit fylkeslag, og det blir lettare for muskelsjuke i Rogaland å treffast. Me satsar på å nå ut til muskelsjuke og ha ei samling i desember for å leggje føringa for drifta framover.

Om det kjenner nokon som kjenner nokon som er muskelsjuk, eller har muskelsjuke i familien. Gi lyd! Me vil ha alle med oss.


Her er den historiske gjengen. Første styremøte i FFM rogaland. Eg vart nedstemt i forslaget om å bruke nynorsk som målform. Berre så eg har sagt det!

Styremedlemmene kjem frå Haugesund, Karmøy, Tysvær, Stavanger, Bryne og Ryfylke. Som de ser er det god kjønnsfordeling.

Her er nettsida til FFM: 

Dagens kviss:  Muskelforeninga har eit kurs som heiter " Bare pisspreik".  Kva i all verden er det for eit kurs?

5 kommentarer:

  1. Målsettingen med ”Bare pisspreik” er å finne flest mulig gode løsninger, hjelpemidler og teknikker for å tisse, når det er tungt og vanskelig å komme på og av toalettet.

    SvarSlett
  2. Bare pisspreik er ei verktøykasse med tisse-tips!!

    Eg sov frampå idag, og vart litt sein med kvissen, men legg igjen eit svar likavel;)

    SvarSlett
  3. Han Innante vann åleine idag. Gratulerer! Anne gjekk tur i går, så ho forsov seg idag. Anne,du kan kje både gå lange turar og synkronvinne kvissen ;)

    SvarSlett
  4. nei, og eg venta i 16 minutt på at Anne skulle synkronisere seg...

    SvarSlett