mandag 29. august 2011

Kjipt hybelliv i Bergen, del 2

Om de har lengre minne enn eit gjennomsnittsmenneske hugsar de nok eg skreiv om dotter nummer to og hushaiar i Bergen. Det vart publisert  9/6- 11, og handla om kva som kan skje med stakkars studentar i Bergen by. Livet er for kjipt og det regner hele tiden...

Historia viste seg å vere verre enn først antatt. Straumen vart kutta før dei fekk redda mat or kjøleskåp og fryseboks. Så de kan vel tenke korleis det såg ut, og lukta? Kjipt?  Tinga som var trygt lagra, var.. ja, la bileta tale for seg sjølv:

Her ligg eigendelene til dotter nummer to " trygt lagra"

Her var det ikkje mykje som kunne brukast.

Her står studenten noko betutta og leiter etter sakene sine.

Der står det ein mikrobølgeomn. Den  har visst overlevd.

Dotter nummer to hadde fått melding om at møblene og lausøyra var lagra en stad. Det kan me godt sei; Dei var lagra like svevande som det høyrdes ut...  Dei viste seg å vere lagra i ein fuktig kol-kjellar.

Noko var lagra i kjellaren og noko på loftet, resten var stole. Ho fann gardinene sine som ei mukka på kjellargolvet. Dei hadde fått ein anelse grønnskjær over seg. Blenderen sin som ho lika så godt låg der og; knust. Senga var stua inn på eit kott og inkvan hadde funne ut at sengeføtene kunne vere kjekke å ha, så dei var avskrudde. Bordet var skuva godt inn til murveggen slik at det var sikra mange skraper.

Det var ingenting å redde av tinga hennar. Huseigarane vil ikkje kommunisere med dei. Dei har hyrt inn advokat, men dei svarer ikkje på brev.


Kjørlene var trykt opp i ein bossekk som stod nedstøva. Det meste oppi sekken var knust.

Stoda per i dag er at blei vart kasta på gata og mista tinga sine. Dette sjølv med lovleg leigekontrakt.  Og ingenting skjer....

Men ho har heldigvis funne seg eit krypinn. Der kan ho steike egg mens ho ligg i senga, så det blir nok ikkje Bergensturar på meg.
Ho har måtta handle inn nye saker. Det skulle vore unødvendig. Men det viser seg at leigekontraktar berre gjeld viss alle er einige.

Moralen i dette må vel vere; pass deg for hushaiar, og ta alle tinga med deg når du går!

Dagen kviss: Kva heiter "kantarellene" som vokse i ein kjellar?


12 kommentarer:

  1. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  2. the librarian bitch29. august 2011 kl. 08:25

    Er berre ein ting å sei til dette: DET GÅR IKKJE AN!!!! Håper dei klarer å få erstatning og at Maren hadde ei forsikring som dekker dette.

    SvarSlett
  3. the librarian bitch29. august 2011 kl. 08:27

    Ekte hussopp
    Serpula lacrymans (tidligere Merulius lacrymans), er den arten som er årsak til de fleste større soppskader i hus. I motsetning til de andre artene lever den praktisk talt bare inne i hus. Fra angrepet treverk kan soppens mycel vokse ut i tilstøtende fuktig jord eller inn i mørtelen mellom steinene i murverk. Ekte hussopp kjennetegnes blant annet ved at det ved gode vekstvilkår utvikles en karakteristisk grålig til nesten lillafarget vatt- eller skinnlignende mycelmatte på angrepne overflater. Soppen kan også utvikle grenete, inntil blyanttykke, først hvite, senere gråbrune mycelstrenger. De kan dannes i og utenpå mur som soppen har trengt inn i. Fruktlegemene er oftest skorpeformig tiltrykt til underlaget, med en rustbrun, smågruvet overflate. Som unge er de omgitt av en hvit mycelbrem. På vertikalt underlag kan fruktlegemene bli utstående. Friske, vel utviklede fruktlegemer og overflatemycel utskiller vanndråper, det har gitt opphav til soppens latinske artsnavn, lacrymans, dvs. 'den gråtende'.

    SvarSlett
  4. Denne saka burde du sende til BT.

    SvarSlett
  5. Det var då svært. Her ga eg dykk tips på tips, så snakkar de om hussopp. Hussoppen er jo ein fæl ein som brer seg frå hus til hus.

    Men eg ville fram til kjellarsoppen. Coniophora puteana. Denne puteana som ofte vert forbunde med eit yrke, betyr forråtnelse. Denne puteane ga ny farge til Marens gardiner.

    Eg veit om ei anna som var ute for kjellarsoppen. Barnesetet antok ein grønnlig farge på kort tid.

    Ergo: ingen vinnar i dag. Kor søren e Han Innante?

    SvarSlett
  6. LES DETTE KJÆRE LIV!!

    Av alle typer hussopp er det den som kalles for ekte hussopp som gjør mest skade på bygningen. Treet blir angrepet og ødelagt, og bæreevnen brytes ned og svekkes. Mens kjellersoppen er den mest utbredte hussoppen. Noen ganger kan man se angrep av hussopp, men som regel kreves det grundige undersøkelser for å påvise hussopp!!

    DVS, at KJELLERSOPPEN er den mest utbredte HUSSOPPEN! HA!! (så, kjellersopp= hussopp)

    SvarSlett
  7. nei nei, Anne :"Mor lille er ikke en sten" Desse to soppane har forskjellige navn. Eg spurte om den som bur i kjelleren, då heter den puteana. Lacrymans som TLB skriv om, er hussopp.
    Begge opptrer i hus, og er sopper. Eg ville ha navnet på kjellarsoppen!

    SvarSlett
  8. Haha, må tåla dokke!

    Han Innante har ein travel kvardag denne veka (of) så hender han gløymer kvissen.

    SvarSlett