mandag 22. august 2011

Klimaflyktning

De som har lese bloggen min på det jamna har vel merka at eg har tatt vel lang sommarferie. Eg får sei som ungane: det bare blei sånn!

Eg tenkte i mitt stille sinn at me skulle få ein knakandes fin sommar etter den lange og kalde vinteren me hadde. Det hadde me jo fortent. Men været er ingenting me kan fortene. Så det vart ein heller kald og våt sommar. La oss håpe at me ikkje fekk sommar som fortent...

Eg har lidd under kulda og det våte været. Stiv og støl som eit gammalt skinn. Eg fyrte i omnen kvar dag og låg med sokkar om natta. Likevel vart straumrekninga for juni på heile 4100.- kroner. Like mykje som om vinteren.


Fra "landstedet"

Då vart det til at eg gjorde motsett av fuglane. Eg for til Syden. Planen var å vere to veker, men værmeldingane frå nord gjorde sitt til at eg enda opp som klimaflykning i Bulgaria. Eg vart verande i fem veker. Eg steka meg i 30 til 35 grader. Lange late dagar ved bassengkanten og i bassenget gjorde underverk. Plutselig passa skinnet til kroppen. Eg vart mjuk og rørig og, til stor lykke, utan smerter.

Så kom Anne G S med smektande sms`ar og lokka meg heim med 26 grader og sol. Vel heimkomen for både sola og varmen. Og eg har frose sidan eg kom inn døra. Nå ligg eg med sokkar att. Kufta er på, og eg kranglar med meg sjølv om eg skal fyre i omnen att. Eg har sett røyk or nokre piper, så eg er ikkje åleine om tanken.


Regndråper på et vindu (Foto: Aas, Erlend/Scanpix)
Sommar?

Ennå har eg energi til å vere i farten heile dagen. Ennå er eg utan verk i kroppen og utan kulde i marg og bein. Takk og lov at det går an å vere klimaflykning.

Eg gruar litt til skinnet krympar og blir for trong  til kroppen. Eg gruar for kulden og smerter, men du så kjekt det er å komme heim.

Nå spørs det om de er klar for kviss att?  Kva klokkeslett er ønska?

På grunn av alvorlege tekniske problem blir det snautt med bilder til teksten i dag og kanskje framover....  Det er visst  ikkje berre eg som har tatt lang ferie. Dataen har visst tatt kvelden, med alle bildene mine. Eg la dei inn på maskinen, og skulle ta kopi ein annan dag....



10 kommentarer:

  1. Eg klarte meg jo relativt godt når det var 7,30.... :)

    SvarSlett
  2. Å ittepå kjeme eg...eg er nok for altfor langt ute i alfabetet til å rette eit noke som helst på den tida av døgnet, men eg har stor glede av bloggen og den daglege kvissen.
    Stå på Liv,eg er stolt av å ha ei så oppegåande venninne som deg!

    SvarSlett
  3. E det kje godt med gode venninner som lure deg heim te regn og kulde?? Det var jo fint FØR du kom - så eg veit ikkje kva han der oppe tenke...

    Tidspunkt for kviss?? Etter late dager der me har sove te både 0930 og 1000 høyres 0730 GRUSOMT tidleg ut;) Nå byrjar jo skulen 0905, men eg veit ikkje koss det blei med desse jentene som absolutt skulle ha med seg kvissen før skulen?? 0815 stemmer eg for!! ;)

    SvarSlett
  4. ps, eg fyre eg(sjølv md øydelagt pipe...)
    Så FYR i vei Liv, godt med ein liten lunk

    SvarSlett
  5. Hei alle saman Godt at de er her ennå. Maskinen med bildene for blogghausten er ennå plaga av narkolepsi...

    Då har eg fått godkjent av vedakassen kan bærast inn i stova att. Då må snart Tron komme m ved :P

    Han Innante klarer seg godt tidleg. Men kan vel kikke innom utpå dagen.. når dei andre står opp. Skal me gi skuleungane ein sjangse.. klokka 8 er lettare for meg å hugse, enn 08.15 Det blei for mange tal for meg :P
    Så i morgon gjeld det å vere klar

    SvarSlett
  6. Då tar eg hintet vidare te gubben(ang. ved)
    kl 0800 er heilt bra, eg sko bare vara vanskelig!;)

    SvarSlett
  7. the librarian bitch22. august 2011 kl. 23:21

    Eg kan vel kanskje klara kl 8 eit par gonger i veka

    SvarSlett
  8. Takk og lov at der er "liv" i bloggen igjen....tidspunktet er det du som set Liv,me andre må ver glade me kan få delta på ein kjekk kviss start på qvisten, om klokka er 07:45 el 08:15.....gler meg allerede, å vera med i kvardagslivet....

    sol

    SvarSlett
  9. Godt du er tilbake i den virtuelle røynda, Liv! Ser ut til at du bør unne deg nokre opphald under varmare himlar så ofte du kan, men du kan vel vere online der også? Han eg deler heim med, begynte også å etterspørje bloggen din med ein viss otte for at du hadde gitt deg...

    Kvissen har eg gitt opp - konkurransen er for knivskarp for meg;-)

    SvarSlett
  10. Ja, ein annan gong kan eg vel vurdere å vere virtuell klimaflykning.;) Kvissen er det mange som har gitt opp. Synkronkvisserane har skremt av dei fleste ;)

    Kjekt å høyre at bloggen er sakna. Har nokre tekniske problem etter ferien. dataen har visst "størna" men håpar eg får ordna det snart.

    SvarSlett