lørdag 27. august 2011

Såre olbogar

Såre olbogar ikkje kjekt å ha. Dersom de studerer olbogane til folk rundt dykk, vil de sjå stor variasjon.  Eg har i alle år stelt godt med olbogane mine. Eg har skrubba og smurt dei med diverse remedier for å halde dei mjuke og fine.

Olbogar er godt å ha. Utan dei kjem me ingen stad.  Dei skal helst vere spisse. Men er dei for spisse blir me uglesett. Den smale gylne middelveg er vanskelig å balansere på. Då kan olbogane både vere til hjelp og vanhjelp.


Døme på gnagsår


Det gjorde veldig vondt.

Då eg var klimaflykning i Bulgaria la eg merke til noko rart. Olbogane oppførte seg ikkje som dei skulle. Same kor mykje eg smurde og stelte med dei blei dei såre. Eg hadde beint fram gnagsår.


(Dette er den fine poolbaren som ga gnagsår til mange nordmenn. Dette bilete er frå dei tre dagane me sto lamslått og glodde på norsk tv. Merk den kjekke bartenderen. Han var mest arbeidslaus i desse tre dagane. Han våga så vidt spørje oss om me ville ha noko, og han vart reint deprimert av stemninga.)

Når eg så studerte fenomentet såg eg at dei fleste turistane hadde gnagsår på olbogane. Nokre hadde gnagsår på ei, andre på begge olbogane. Etter vidare studering av fenomenet kom eg fram til at eg fekk gnagsår når eg hadde besøk. Mens når eg var åleine hadde eg det ikkje.  Når me var fleire i godt lag, oppsøkte med den ovanfor nemnde baren.


Blide damer i godt lag.


Dette var noko av det me kunne få. To til prisen av ein.

Så byrja ryktet å gå. Det var mange som var utsett for fenomenet. Det var som ein farsott. Så kom sanninga for ein dag. Me hadde sete i baren!

Dei som sat ytterst på rekka hadde gnagsår på den eine olbogen, mens dei som sat inne i rekka hadde sår på begge olbogane.  Våte olbogar mot glatt bardisk gnaga hol på spisse oldbogar. Litt flaue over denne openbaringa lurte me på om det var bot mot dette. Å ha på seg klær var uråd i 36 grader. Då kom eg på at det eineste som hjelper her er slitelappar.

Så nå skal eg starte nisjeprodusjon på heimehekla oldbogelappar til bruk i baren på Magic Dreams.  Neste år er me betre budde og utstyrte med olbogelappar på begge olbogar før me går i baren.


God helg godtfolk! Det er helg og ingen kviss. Men ver klar mandags morgon.


2 kommentarer:

  1. Haha, nå måtte eg flire her!! Typisk nordmenn å henge ved baren;)

    Kanskje du har fonne opp nåke nå Liv, som det blir marked av?? Albuelapper!!

    SvarSlett