Er dette Noreg, tenkte me som sat mållause under steikande sol.
Men slikt som dette kan skje alle stadar til alle tider så lenge det finns forskrudde mennesker. Nå går diskusjonen om kva som kunne vore gjort annleis. Unge mennesker kunne vore i live hadde ting vore gjort annleis. Det er grusomt å høyre. Det må vere umenneskeleg for familiane å lese om dette.
Politiet uttala at slikt som dette har dei aldri opplevd i Noreg, så alt må vurderast i lys av det. Men Nokas- ranet starta med eit anslag mot politistasjonen i Stavanger for avleie og hindre politiet. Inkvan må vel ha tenkt at slike ting må me trene på for å vere budd på terrroranslag. Kva gjer me så: Heimevernet er meir eller mindre nedlagt. Politihelikopteret som skulle vere døgnbemanna og utvida med fleire helikopter frå 2003 står på bakken. Det er ikkje bra at det er pressa som kjem først til staden i helikopter.
Denne personen, som aldri bør nemnast med namn, overga seg med ein gong han såg ein politi. Han kunne, og ville, overgi seg tidlegare blir det sagt i media. Då er det vondt å sjå på det som verkar til å vere ein planlaus politiaksjonen. Dette kan ikkje gjerast om att. Men me må lære av dette. Me må vere budd på slikt som dette, og hugse det lenger enn ut året. Politikaren som var med på å vedta auking i politihelikopterdekninga var mållaus over at vedtaket ikkje var gjennomført. Me har ein tendens til å gløyme. Dette må me ikkje gløyme!
Til minne om dei unge roseknuppane som vart rivne sundt før dei fekk bløme. Tenk kva flotte roser det kunne ha blitt av dei!
Minnnesida for ofra etter terrorangrepet
http://www.vg.no/nyheter/innenriks/terrorangrepet/minneord/
Anonyme danske norgesvenner si hyllest til Utøya- ofra. Kvar gong nokon Twittrer: "Utøya" lyser ein lampe i verda til minne om ofra. Denne sida må de berre sjå:
http://www.light4utoya.net/
Ingen kviss i dag, for det er sørgedag på bloggen min.
Antar atte det va tekniske problemer så gjorde atte d plutseligt va et nytt innlegg her... Så forsvant d før eg kom så langt som til kvissen....
SvarSlettLøgne ting skjer av og til. Somme tider er eg helste øvegidde at det går så godt som det gjer. Teknikken er oftast mi vankunne ;)
SvarSlett