fredag 1. juni 2012

Detroit City

Motor City
Denne byen var USA sin største by etter 1.verdskrig.  Byen er bygd av bilar. Det starta med Ford. Snart var alle bilmerke representerte med fabrikkar der; Cadillac, General Motors, Chrysler, Packard, Dodge, Durant osv.

 «Where Ford goes the world goes» sa ein president ein gong. Nå går byen ingen stad. Den går istaden ad undas. 


Mens byen var på høgda rulla mange millionar bilar ut av banda. På nedturen kun 1.4 millionar per år. Detroit hadde det første kjøpesenteret, og den første freewayen i verda. 


Ford skapte ei verd der folk både ville og måtte ha bil. Byen Detroit er bygd på denne draumen.  USA følgde opp med eit samfunn der det ikkje berre var kjekt å ha bil, men også heilt nødvendig. I forstadane måtte ein ha bil for å klare seg.

Den første krisa kom med depresjonen. Mat vart viktigare enn bil. Så kom ein krig og den var kjærkommen for bilfabrikkane. Dei produserte utstyr til krigsindustrien. Detroit kom seg opp or bølgedalen.



Så kom oljekrisa. Bensin vart mangelvare. Alle ville nå ha gjerrige europeiske bilar. Det ødela bilbransjen og dermed Detroit.




Ikkje noko vakkert syn, men "Hope takes Root" 

Nokon meinar at cracken si nnførsel på 80- talet var med å gravlegge byen. "Alle" heiv seg på denne gåva frå himmelen. Kvifor jobbe 8 timar, og akkurat klare seg, når ein kan deale crack og bli rik. 


Eit TV program tok opp situasjonen for dei som bur att. Frå å ha eit 50/50 forhold i rase flytta kvite ut or deler av byen, men dei styrte ennå. Innbyggjartalet vart halvert. Byen skulle spare pengar. Det gjorde dei i skulane i dei fattige bydelane. Det blei fortald korleis kunstfag og musikkfag vart tatt ut or pensum på grunn av lærarmangel og innsparingar. Leikeplassane vart asfaltert.  
«Ba dei om trøbbel?» spør forteljaren.

På 90- talet normaliserte bensinprisane seg att. Då var det SUV`ar som gjaldt. General Motors fekk statlege midler for å klare seg.  Noko som var uvanleg i USA.

Redningsaksjonen gjekk ikkje så godt. Nå er det dophead, skraphandel og hundekampar som styrer store deler av byen. I 2009 var det ein arbeidsledighet på 28,9 prosent. 

Er dette eit for mørkt bilete? Ikkje ifølge  ein del av dei som framleis bur i det som ein gong var ein elska by. 


Folk har likevel byrja å reise kjerringa. Dei går i mot straumen i "Urban Agriculture Movement". Dei vil ta byen tilbake. Dei riv ned tome farlege bygningar, og dyrkar grønsaker i parkane. " Har du 4 mål land kan du klare deg godt". Den amerikanske draumen er død. 

                                                      Detroit  Rock City 

For interesserte kan de sjå video frå jordbruksrørsla som vil ta bilbyen tilbake:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar