fredag 7. oktober 2011

Gjer hiet klart!

I dag er det 7. oktober. Det er Birgitsmesse i dag. Dette til minne om St. Birgitta av Vadstena. Ho er skytshelgen for pilgrimar, legar og for dei som skulle få ein fredeleg død.

Birgitta av Vadstena
Birgitta Birgersdotter( 1303 - 1373)

Birgitta var dotter av Birger Person og Ingeborg Bengtsdotter og fødd i Norrtalje. 13 år gamal vart ho gift med Ulf Gudmarson og fekk 8 born. I 1344 døydde mannen og Birgitta levde vidare som nonne. Ho laga reglar for ei ny nonne- og munkeorden og klarte å stifte Birgittinerordenen. "Den hellige frelsars orden" For å få dette til måtte ho til Roma til paven for å få tillatelse. Dette i 1350, midt i verste svartedaudåret.

 Ho jobba for å styrke Jomfru Maria si rolle som modell for det kristne mennesket. Birgitta var den første til å skildre ein fødsel i vestleg litteratur. Ho såg i eit syn Jesu fødsel.




Birgittinerordenen i Vadstena.
"Denne ordenen vil jeg innstifte til min høyt elskede mors ære og først og fremst for kvinner."

Birgitta var sterk og stri. Ho hadde over 700 visjonar utgitt i fire bind. Ho var ikkje redd for å ta offentlege personar i skule. Ho krevde at paven i Avignon skulle vende tilbake til Roma. Ho laga føringar for paven si makt, noko som var tatt omsyn til då Vatikanstaten vart stifta.

Folkunga-ætta sitt slektsvåpen

Birgitta var galen på kong Magnus Erikson. Han var av Folkunge-slekta som henne, men ho ville ha sin soneson, Karl Karlson, som konge i Sverige. Helgen eller ei, ho sa ho hadde hatt ein visjon: Jomfru Maria meinte at kongen var homofil og kalla han Magnus Smek. Det vil sei kjærteikn.


Magnus VII
Magnus VII Eriksson ( 1316 - 1374)


Dette er også dagen bjørnen gjer hiet sitt klart for vinteren. Me bør vel også gjere vårt hi klart? Er veden på plass? Er hagemøblene lagra og alt laust som kan blese vekk, eller snøa, ned tatt inn?  Svarar du nei på desse spørsmåla, er du ikkje klar for vinteren.

Bjørnen sover, bjørnen sover i sitt lune hi...

Då er det berre ein ting å gjere: sett i gong og gjer deg klar. Eg skal ta meg ein tur rundt om på "Estaten" og sjekke slik at eg med godt samvit kan gå i hi.



                                          Ha ein fin vinter, godtfolk!

Dagens kviss: Veit du andre dyr som går i hi?

6 kommentarer:

  1. the librarian bitch7. oktober 2011 kl. 08:02

    Pinnsvinet går i hi

    SvarSlett
  2. the librarian bitch7. oktober 2011 kl. 08:14

    Men det er fleire dyr som går i hi. Nokon går i dvale som piggsvinet, dvs dei senkar kroppstemperatur og hjartefrekvens, altså ekte vintersvevn. Andre tykkjer det er mest praktisk å berre sova seg gjennom den verste tida som t.d. Bjørnen Les meir her: http://no.wikipedia.org/wiki/Dvale

    SvarSlett
  3. the librarian bitch7. oktober 2011 kl. 08:16

    Sjølv er eg ikkje klar for vinteren. Tida går så altfor fort. Det var jo nettopp sommarferie! Så her er det meste laust som vanleg og veden er heller ikkje i hus. Nokon som kan levere ei favn med bjørkeved til meg?

    SvarSlett
  4. Disse dyrene GÅR I HI: bjørn, gaupe, grevling, rødrev og ulv.

    Dyr som går i VINTERDVALE er: piggsvin, flaggermus, bjørkmus og hoggorm.

    Bjørn og grevling har UEKTE vintersøvn, dvs de kan godt våken noen ganger og gå litt rundt, men siden de ikke finner mat, legger de seg igjen.

    SvarSlett
  5. Gjer som bjørnen...legger meg igjen :) ved og møbler får vente...etter helga, kanskje

    SvarSlett
  6. Hehe, ja mange gode forslag. Eg syns tlb og anne bør dele på premien i dag.
    Hausten kom for tidleg or meg og. off og nå er snøen på nutane. Veden er /var på plass heilt til dotter nr 3 og typen skulle lø den opp. Dei får garantert ikkje jobb som vedaløarar :( Eit brak! så låg veden ute i regnet..
    Ha ein fien haustferie. Eg må ta meg inn igjen eg skal gå i hi ;)

    SvarSlett