I Suldal er det visst ikkje kronene det står på. Det er heller grendepolitikk. Dette blir avvist av Senterpartiet, men dei og framstegspartiet står på at elevar ikkje skal sendast med buss til Sand.
Kva med å snu på flisa? Dersom "detta Sand" er åraka til at elevane ikkje får intensiv norskopplæring, så kan vel bussen gå til Vinjar? På Vinjar skule har dei veldig god plass no, etter at ungdomsskuleelevane flytta til Sand. Det verkar til å vere ei god og rolig atmosfære på skulen. Det er eit godt grunnlag for god opplæring.
Gerd Helen Bøe i senterpartiet saknar ein djupare integreringsrefleksjon. Ho etterlyser info om kva det vil innebære for elevane å vere vekke frå heimeskulen tre dagar i veka. Det skulle ikkje vore problem å få dokumentasjon på det. Dette blir gjort i mange kommunar, og det kunne lett vore med i saksutgreiinga.
Hørselsklassane i Stavanger hadde slikt opplegg med sine hørselshemma elevar. Litt hørselsklassar, og litt heimeskule, etter individuell vurdering. Mange skular har satelittstasjonar for framandspråklege. Der dei går lengre, eller kortare tid , alt etter behov.
Kommunikasjon er det viktigaste av alt for oss menneske. Språk og kultur heng saman. Gjennom språk lærer me å knekke kodane i samfunnet me lever. Utan eit felles språk blir ungane ståandes utanfor. Dårleg språkopplæring kan vise seg å bli umogeleg å ta igjen. Det vil vise seg i misforståingar om enkle ting. Det underliggande språket blir ikkje skjøna. I leik og humor vil dei bli på ståande på sidelina. Sjå på alle vaksne som har lært seg norsk i vaksen alder utan skikkeleg opplæring. Vitsar, til dømes, blir ein ugjennomtrengelig mur.
Nå håpar me at det ikkje tek så lang tid før politikarane bestemmer seg. Tida er knapp for ungane. Dei treng å snakke, leike og lære NÅ!
Kva med å sende politikaranetil dette symposiumet??:
http://delogbruk.ning.com/events/event/show?id=2808744%3AEvent%3A60402&commentId=2808744%3AComment%3A67181
Dagens kviss: Kva tid fekk Noreg si første skulelov?
For dei som bør sette seg inni denne problematikken, kan de lese eit utdrag frå ein delrapport bestilt av utdannings- og forskningsdepartementet :
-----------------------
-- Barn som ikkje kjem til skolen med gode nok norskferdigheiter til å følgje vanleg opplæring, har behov for ei særskilt norskopplæring. Dette kan vere barn som bur i Norge i
førskolealderen, men det vil også vere barn og unge som flyttar til landet i skolealderen. Dei
meistrar ikkje norsk i utgangspunktet, og dei kan ha variabel skolebakgrunn. Talet på slik
elevar blir knapt mindre i åra som kjem.
Som tidlegare nemnt reknar forskarar med at det kan ta 5–7 år (Hyltenstam m.fl 1996:207) å lære eit språk så godt at det kan brukast i kognitivt utfordrande samanhengar. Det er denne elevgruppa dagens læreplanar i norsk som andrespråk er laga for. For å kunne følge undervisning i alle fag, og for å kome raskare inn i fellesskap og samhandling med andre elevar, er dei avhengige av å kunne prioritere arbeid med å utvikle grunnleggjende munnleg og skriftleg kompetanse på ein heilt annan måte enn medelevane.
Dersom skolen derimot blir arena for nederlag etter nederlag fordi eleven ikkje forstår kva
som står i bøkene og kva læraren eller kameratane seier, og det heller ikkje blir sett i gang
gode nok tiltak for tilpassa opplæring, kan det vere øydeleggande.
I Norge er dette vel kjent frå samisk historie. Ein eigen læreplan for norsk som andrespråk vil medverke til at elevane blir sett, og gi høve til å oppretthalde varierte tilbod som også kan sikre nykommarar adgangsbillett til det norske samfunnet.
Slik språksituasjonen er for minoritetselevane som gruppe, der det viser seg at dei skårer svakare enn norske klassekameratar i lesing, matematikk og naturfag (Lie m.fl 2001), kan det vere grunn til å setje inn tiltak på mange felt samtidig. Det å oppretthalde ein andrespråksplan og legge til rette for tilpassa undervisning i alle fag er ein del av tiltaka. Samtidig vil utvikling av lærerkompetansen gjennom utdanninga representere eit heilt nødvendig tiltak. Det gjeld både norsklærarar og lærarar i andre fag. ---
I flg Wikipedia
SvarSlett1739 Norge fikk sin første skolelov med fagene kristendom, lesing, skriving og regning.
1860 Lov om allmueskolene på landet - den første store reformloven om skolen etter 1814.
1869 Lov om offentlige skoler. Norge får 6-årig middelskole og 3-årig gymnas.
1889 Folkeskolelovene skulle åpne mulighet for alle veien til høyere utdannelse.
1890 Den første normalplanen for folkeskolen.
1896 Gymnasloven
1936 Folkeskolelovene av 1936. Enhetsskole.
1959 Folkeskolelovene av 1959. Obligatorisk 7-årig skolegang.
1969 Lov om grunnskolen. Pliktig skolegang utvidet til 9 år.
Joho. tlb, bare opna munnen, så strøyme det ut.
SvarSlettFørste skulelov kom 1739. Heilt rett.
Gratulerer som dagens vinnar!
Berre flaks at eg blei først i dag. Ikkje hugsa eg tida og rekna med at løpet var køyrd då eg logga meg inn. Men nå har R.O.(politikar frå Erfjord,nettopp vore inne på kontoret mitt her på Sand skule. Eg fekk han til å lese bloggen din i dag og han likte det han las :-)
SvarSlettså flott! Bra at dei så har "med det" lese dette :)
SvarSlett