fredag 10. juni 2011

Ein knapp her og ein knapp der...

Eg har fått ein ny knapp på sida mi. Ein "likar" -knapp for late folk. Plutselig ein dag var den der, heilt av seg sjølv. Men ingen brukar den. Det betyr kanskje at ingen likar det eg har skrive? De treng ikkje like alt eg skriv. Eg ville gjerne hatt meiningsutveksling og. Då hadde det blitt fart her...

Dette var ein knapp i farne tider.

Men det er også mogleg å hake av at innlegget er: morsomt, interessant og kult. Dessverre fins det ingen rubrikk for kjedelig.  Men dersom de likar det eg skriv, kan de kanskje klikke på den ruta som ser omtrent slik ut:  (+1)

Det er ikkje alltid lett å finne fram til korleis ein skal gjere. Andre er så avanserte at dei les både aviser og mange bloggar kvar dag. Då har dei ikkje så god tid. Derfor fins det slike knappar med meiningar på. Med eit klikk har ein sosialisert, og gitt uttrykk for ei meining om det dei nettopp las.


Så er det ein annan ting eg undrast på; Eg har mellom 150 og 200 lesarar kvar dag, men kun 7 som følger bloggen. Då lurer eg på om det er 150 nye kvar einaste dag? Eller har bloggen min "Se og Hør " status?  Off då, fri og bevare meg, men underleg er det...


Så sit eg her og undrast....
Andre bloggar har fleire hundre følgerar. Nå er nå ikkje me i Ryfylke som andre folk. Det er bra at ikkje alle følgjer straumen. Men det kunne nå vore gildt å sjå kven mottakarane av meiningane mine er.  Vil de følge bloggen kan de klikke på : "følg"- ruta.


Denne knappen fjerner det meste, også det me vil ha.

Eg veit at ein av mottakarane mine har tatt årets første utebad. Det har ikkje eg gjort ennå. I april var det fint, men i mitt hovud var det for tidleg.  Nå har det regna så mykje, og eg har fyrt litt i omnen kvar morgon. Så eg er heil ute av bademodus. Det var godt at du, Marit, gjorde meg merksam på at det eigentleg er sommar!

Slik skal det vere ein sommarsdag.

For dei faste leserane mine kan sei at eg i løpet av helga skal ha eit ganske interessant og overraskande innlegg. Vent og sjå... og gled dykk!  Eg trur mest det blir den største nyhenda i småskala...

Dagens kviss: Kor likar hiimarane å bada?

8 kommentarer:

  1. Endelig først ute med rett svar:) Gratulera Lutten. Du er dagens vinnar!

    SvarSlett
  2. Liv,du kan legge te fleire knaapar enn morsom, interessant kul - berre sjå på min blogg;)

    SvarSlett
  3. the librarian bitch10. juni 2011 kl. 10:49

    Då har eg trøkt på adle dei rette knappane :-)

    SvarSlett
  4. jasså kan eg det? Knappane mine har komme fram av seg sjølv.:P
    Eg får studera knappane på sida di Anne. Godt tlb, trykk i vei!

    SvarSlett
  5. Bloggen din Liv er alltid, da meiner eg alltid gild å lesa. Lærer og mykje. Skal prøve å bli flinkare å trykke på dei rette knappane. Klart det er gildt for deg å få noe respons. Sahølen er bra å dukke seg i den og. Men helst etter en god tur da. Blir så varm , frisk og god i "skrotten" av det. Marit

    SvarSlett
  6. Kanskje ein ikkje alltid skal tru det ein ser? Ei eg kjenner har ein privat twitterkonto som ho brukar svært lite og ein jobb-konto der ho er svært aktiv og får mykje respons. På den private twitterkontoen dukkar det stadig opp nye følgjarar,noko som ikkje skjer på den andre. Ho trur følgjarane blir genererte.

    Så ventar me i spenning på helgas innlegg:-)

    SvarSlett