Ideen bak NMP er at offentleg sektor skal drive kostnadseffektivt. Dei nyttar konkurranseutsetjing, privatisering, internprissetjing, stykkprisfinansiering, resultatenhet og offentleg privat samarbeid. Høyres dette kjent ut?
Staten nektar for at dei driv etter NPM metoden. "Den er passe`. Det var en styretenking på 80- og 90- talet," seier direktøren for senter for statleg økonomistyring. (SSØ) "Nå driver vi med praktiske styringsmetodar i staten," seier ho. SSØ skal med utgongspunkt i regelverket legge til rette for god økonomistyring der hovudmålet er effektiv ressursbruk.
Rolf Reikvam, SV, vil ha vekk NPM-tenkinga.
På 80- talet byrja staten å la sjukehusa få betalt per behandla pasient. Det for å motivere sjukehusa til å behandla fleire pasientar og dermed forbetre det totale behandlingstilbodet. Det resulterte i at nokre pasientar vart meir lønsomme enn andre. Kronisk sjuke vart mindre lønsomme enn pasientar med enklare diagnosar. Beinbrot er betre enn gikt.
I 2001 kom neste steg: fastlegeordninga. Det vart innført ein lønsmodell der det er eit grunnbeløp etter pasientlistestørrelsen, og pengar per utført konsultasjon. Igjen, korte konsultasjonar, og enkle pasientar løner seg. Veit du at når du går til ein annan lege enn din fastlege, får han likevel ei del av kaka?
Jarnbanane er ikkje noko me har særleg erfaring med i Ryfylke, men, som leiar av elektropersonalet sitt landsråd seier: "NPM er noko me ikkje skjønar. Det kjem snikande og er ofte pakka inn i overbevisande argument som: meir jarnbane for pengane! Fornuftig bruk av skattepengar, og effektivisering!"
Me kan forstå kvifor det går seint med utbetring og oppgradering når feila som blir innrapportert ikkje kan vølast der og då. Feilen må skrivast opp. Så må den meldast inn. Då kan det gå mange år før den blir utbetra.
Vegen for å vøle ein feil er slik: Montøren melder frå skriftleg. Det blir sendt til eigaren som lagar bestilling til driftsavdelinga. Driftsavdelinga set ein pris på reparasjonen. Kalkylen blir sendt eigaren som må akseptere, og eventuelt bestille arbeidet hos montøren. Montøren lagar prosjektnummer på saka der utgiftene blir påført og sender den til eigaren når feilen er utbetra. Dette kan ta opp til fleire veker, for ein feil som kunne vore vølt der og då.
Var det nokon som snakka om effektivisering?
Korleis er det på dykkar arbeisplass?
- New Public Management (NPM) har en klar ideologisk forankring: Et ønske om nedbygging av offentlig sektor, fristilling og privatisering/konkurranseutsetting.
- Offentlig sektor ledes og styres etter modell av private bedrifter. Målet er å effektivisere driften og å kutte offentlige kostnader.
- Sentralt i ideen bak NPM er en forståelse av offentlig sektor som stivbeint, ineffektiv, uøkonomisk og preget av særinteresser.
- NPM har sitt utspring i den anglosaksiske verden. Land som Australia, New Zealand og Storbritannia har vært sentrale, både i definering av hva NPM er, og i implementeringen av denne.
Her kan de lese om NPM:
http://www.velferdsstaten.no/Tema/offentlig-styring/NPM/?pageId=6198
Dagens kviss: Kor starta NPM bølga?
Du siterer litt lenger oppe: NPM har sitt utspring i den anglosaksiske verden. Land som Australia, New Zealand og Storbrittannia.
SvarSlettDa satsar eg på England
NPM har sitt opphav fra England, New Zealand og Australia, og har sitt teoretiske utspring
SvarSlettfra akademia i USA
Eg tipper det starta i USA
SvarSlettDet hadde sitt utspring i " Westminsterlanda" står det referert. Australia, New Zealand og England. N.Z.blir alltid nemnd først.
SvarSlettEg tenkjer det blir delt topplass fordi de er omtrent slik.Ingen har fremheva N.Z slik artiklar gjer.
Gratulere Anne og TLB!