søndag 26. juni 2011

Nordklang

På søndag då alle var heima og slappa av, gjekk eg på konsert på Kulturhuset. Eg veit at alle slappa av heima, for eg var mest åleine på konserten. Det var til og med ein gratiskonsert.

Eg trur folk flest var skremd av at det var Arne Nordheim sin musikk som skulle framførast. Dei er vel ikkje heilt der ennå. Det kan eg forstå. Eg var ikkje heilt der eg heller, men når det er gratis har eg råd til å prøve ut nye sjangrar. Og eg må sei det var ein opplevelse. Eg er glad eg gjekk.

På programmet stod verk for trombone, lur, slagverk og klangrik elektronikk.  Me fekk høyre både norsk- og asiatiskinspirert musikk. Det var verkeleg ein opplevelse, noko eg aldri hadde trudd. 

Når eg har høyrt Nordheim sin musikk på tv eller radio, har eg raskt skifta kanal. Men det viser seg at dette er musikk som må opplevast "Live."  På Sand denne kvelden, fekk me ein interessant opplevelse med veldig gode musikarar og måkeskrik-akkompanement.


Arne Nordheim
Arne Nordheim på leit etter lyden

Arne Nordheim gav dei tradisjonelle instrumenta ein ny klang. Han tok i bruk elektronikk på magnetband. Ei tid jobba han berre med det. Han blanda elektronikk og tradisjonelle instrument.  Frank Zappa var inspirert av Arne Nordheim. Fleire eksperimentelle unge musikarar er overraska over kor moderne han var, alt på 60- talet.

Eg må sei at når dei framførte "The return of the Snark," fælte eg. Eg blei jammen meg fysisk kvalmen av lydane, og eg såg han!  Eg såg han før meg den han duppa på overflata. Tenk på det neste gong...





Her sit publikummet!  Mannen i svart dress er musikaren Odd Børge Sagland.  Øvst i bilete sit lydmannen. Vår eigen Øyvind Sand, karakterisert som den beste lydmannen desse karane hadde hatt. Den attesten bør han skaffe seg skriftleg prov på, for dette var proffe karar som visste kva dei snakka om.



Her er paukisten Sagland i sving med allslags løgne instrumenter, mykje asiatisk.  Skogsdjevelen, tysk instument, var ny for meg. Han var fasinerandes.



Me får høyre forskjellige anekdotar om Nordheim og hans musikk.  Mellom anna blei det fortald om ein  rein klang dei ikkje kunne gjenkjenne. "Jo," sa Nordheim. "Eg hadde eit prosjekt med flygel. Så eg heiv pingpong- ballar oppi flygelet og spela mens eg tok det opp på band!"

Trombonisten,Gaute Vikdal, framfører Bjølle`e`fjelle` for lur og elektronikk.

For dei som lurer på kva me høyrde, var det: Bjølle`e`fjelle`- for lur og elektronikk, Response- for slagverk og elektronikk, The return of the Snark- for trombone og elektronikk, og Nordklang- for slagverk og elektronikk.

For interesserte:

1 kommentar: