onsdag 1. juni 2011

Kor blir det av rikskonsertane?

Inkvan har bestemt. Bestemt at me skal bli fattigare på kultur i bygde- Noreg. Regjeringa vil leggje ned rikskonsertane frå hausten 2012  Dei vil omdisponere midlane til ei tilskotsordning for bygde- Noreg. Rikskonsertane si leiing er usams med regjeringa i dette. Sjølvsagt er dei det. Det må vel alle vere.

Me veit jo at når regjeringa endrar på noko, er det aldri til det gode for bygde-Noreg.
- Dei tek fribeløpet på 75.000 frå uføre og gir dei 30.000 istaden.
- Dei legg ned skattekontora våre.
- Dei set opp svære høgspentliner slik at dei skal få meir straum til kontora sine.
- Dei lagar vegane smalare, eller gløymer at me treng vegar, for snart er det ingen att  i bygde-Noreg.

Kva blir vel bygdene utan rikskonsertane? Eg hadde vel aldri gått på ein konsert som vaksen om det ikkje var for rikskonsertane.  Der lærte eg å like konsertar av ulikt slag, klassisk og meir populær.

I min oppvekst hadde me tilgong til mykje kultur. Rikskonsertane reiste rundt. Det var riksutstillingar som klassane vitja. Eg hugsar ein mann som lærte oss korleis me skulle sjå når me teikna. Han forklarte også korleis me skulle unngå å teikne flate hovud. Takka vere riksutstillinga!

Me hadde ofte riksteater også. Eg såg mykje fint teater. Eg såg Ibsens "Peer Gynt."  Mor og far såg Beckett: "Mens vi venter på Godot."

To som ventar på Godot

Åse Kleveland hadde ein stilig autograf.

Eg helsa på Åse Kleveland og fekk autografen hennar etter konserten ho haldt. Eg hugsar henne i mørk lang kjole, gitar og den stemmen. Takka vere rikskonsertane!  Alle kjende musikarar på 70 og 80 talet var innom Sand.

Joanna MacGregor
Joanna MacGregor ei stor stjerne.

Etter at kulturhuset opna, har dei overtatt som konsertplass. Me har hatt mange flotte namn her. Eit høgdepunkt  var pianistinna Joanna MacGregor.  Ei oppleving som sat i lenge. Ho spelte seg frå Bach, gjennom gospel og heilt fram til tango.

Anniken Huitfeld

Eg skjønar ikkje kva Annikken Huitfeldt tenkjer på. Leggje ned rikskonsertane! Og det etter den storsatsinga som dei hadde med "Syng med oss" gjennom heile landet i 2007.  Så lite me visste. Det var vel avskjeden....

85 prosent av konsertane i fjor vart halde i grisgrendte strøk, frå Hammerfest i nord til Lyngdal i sør. 15 prosent i store byar. Dei store byane vil framleis ha eit publikumsgrunnlag til å halde konsertar. Det har ikkje dei små bygdene.  Dette skaper stor avstand mellom by og land. Kvar er distriktspolitikken til dei raud-grøne?

Me hadde aldri fått Mari Boine til å kome her utan gjennom rikskonserane. Trur de superbandet Kaizers Orchestra hadde vore her to gonger utan rikskonsertane.

Me har hatt eit breitt spekter av flotte nasjonale og internasjonale artistar i Suldal. Me vil framleis ha det. Me vil at ungane våre skal vekse opp og vite kva klassisk musikk er. Me vil høyre fin musikk i framtida også.

 Anniken Huitfeld, ikkje ta dette frå oss!

Sida til rikskonsertane:
http://www.rikskonsertene.no/

Dagens kviss:  Kven trekte seg frå eit styreverv på grunn av denne saka?

7 kommentarer:

  1. Er det Gerhard Dalen du mener?

    SvarSlett
  2. Anonym var først med rett svar. Anonym har ikkje blitt advart mot å svare på kvissen med eit spørsmål.
    Du skal få rett denne gong, slik andre har fått før. Gratulerer som dagen vinnar!

    Påminning om kvissreglar: Svar skal leverast som : svar avgitt!, ikkje som spørsmål.

    SvarSlett
  3. Viktig innlegg igjen, Liv! Rikskonsertane og Riksteatret bidreg til mangfald og friske impulsar landet over. I desse nedlastingstider treng også musikkutøvarar alle dei konsertarenaene dei kan få.

    Me kjenner alle til rikingane som ikkje har råd til å spandere på seg noko. Noreg framstår litt for ofte som ein slik riking.

    SvarSlett
  4. Takk,anonym lærer stadig noe nytt. På neste kviss skal anonym svare korrekt :)
    Takk for en kjempe koselig side, koser meg hver dag med å lese hva du denne dagen skriver.synes det er så trivelig å lese om hva du og "han innante sa" skriver.Vi lærer mye av dere :)

    SvarSlett
  5. the librarian bitch1. juni 2011 kl. 18:56

    Eg forsov meg i dag :-)

    SvarSlett
  6. Eg håpar inkvan snur i denne saka. Me får sende fjellvettreglane til regjeringa med utheving på : "Det er inga skam å snu!"

    SvarSlett